Kategoridiskusjon:Historie i Bergen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergensk historie eller Bergens historie?[endre wikiteksten]

... eg berre lurar... :) Olve 21. nov. 2005 kl. 22:54 (UTC)

Eg synest nå det lyd best med "bergensk historie", men gode adjektiv finst vel ikkje for alle stader. Er det likebehandling med dei du vil ha, eller er det sjølve "bergensk" som byr deg imot? -- Ranveig 21. nov. 2005 kl. 23:16 (UTC)
Nei, «bergensk» byd meg no absolutt ikkje imot. Likar då både skillingsbollar og pale, eg, vet du. Særlig skillingsbollar... :o) Men «bergensk historie» hørest liksom litt ut som t.d. ein kvardagsleg bergensvariant av ei historie (t.d. om tjuagutar, underlege bergensmadammer eller eksotiske hardangerfolk) heller enn som historia til Bergen by og omland, om du skjønner kva eg meiner. (Ja, eg veit dette blir litt subtilt. Kanskje er det berre eg som synest det hørest slik ut...) -- Olve 22. nov. 2005 kl. 02:00 (UTC)
Eg høyrer same skilnaden som Olve mellom Bergensk historie og Bergens historie, men det er kanskje fordi eg fell i kategorien eksotiske hardangerfolk. --Jorunn 22. nov. 2005 kl. 12:53 (UTC)