Kategoridiskusjon:Diskusjonar om norske eller originale namn på oppdikta figurar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er heilt imponerande kor lenge dette emnet har vore debattert!

Nok ein gong har eg, etter at eg gjekk i gang med ei rekkje endringar, oppdaga lange diskusjonar frå 5-6 år tilbake. Frå den gongen nynorsk wikipedia var nytt og friskt og spanande, ser det ut til. Alle Harry Potter-artiklane har difor no fått norske namn som oppslagsord. Beklagar at dette vart gjort utan konsensus, men no er det iallfall konsekvens i namna på Harry Potter-artiklane. Tidlegare var nokre på norsk og nokre på engelsk fordi ingen hadde kontrollert dei.

I dei tidlegare diskusjonane vart folk samde om å bruka originaltittel på bøker og filmar - sjølv om dei er omsette til norsk. Eg er usamd..

Eg meiner fylgjande:

  • Når det finst ei norsk omsetjing av ei bok eller ein film, bør me ha den som hovudoppslagsord. Originaltittel kan koma like etter i parentes.

Når ein ser på Harry Potter og De vises stein, som artikkelen i dag heiter, så finst denne artikkelen med omsett namn på alle andre wikipediaprosjekt som eg har funne; tysk, dansk, svensk, aserbadsjansk, etc. Det vil vera rart om Nynorsk Wikipedia, som einaste wikipediaprosjekt i verda held oss til originalnamn når det finst ei norsk omsetjing.

  • Me må ikkje vera så redde for å bruka bokmål at me heller vil bruka engelsk. Me må hugsa at nynorsk er ei målform - ikkje eit språk. Norsk som heilskap er eit språk me må ta vare på.

HallvardLid (talk) 4. mars 2012 kl. 19:56 (CET)[svar]