Kategoridiskusjon:Dyr

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kanskje denne kategorien helst bør fjernast?

Det vert unødvendig mange nivå når t.d. Hest skal høyra til Kategori:Hovdyr, som høyrer til Kategori:Pattedyr, som høyrer til Kategori:Dyr, som høyrer til Kategori:Zoologi!

Sidan «dyr» og «zoologi» er tett samanknytte omgrep, og sidan Kategori:Zoologi er nesten tom (og det som ligg der, handlar om dyr), foreslår eg å slå dei saman gjennom å flytta alt frå Kategori:Dyr over til Kategori:Zoologi og soleis fjerna eitt «mellomledd».
--Verdlanco\ordskifte 15. okt. 2005 kl. 06:40 (UTC)

Eg veit ikkje... etter kvart som oppslagsverket veks, treng me fleire kategoriar, ikkje færre. en:Category:Zoology har mange underartiklar som ikkje handler om dyr, medan en:Category:Animals har innhald som ikkje høyrer inn under zoologi, til dømes om kjende dyr og dyremishandling.
Elles kan ein hjelpa på alt for lange kategoribanar ved å legga kategoriane andre stader òg. "Dyr" er til dømes ein underkategori av "Skapningar", som er ein toppkategori. -- Ranveig 15. okt. 2005 kl. 20:56 (UTC)