Kategoridiskusjon:Fjell på Irland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kor lågt er eit fjell og kor høg er ein ås? Finst det ei nedre grense for fjell? --Ekko 14:00, 20 oktober 2007 (CEST)

Berre 500 meter høgt på Irland. Eg vil kalle dette eit fjell og ikkje ein ås.
Som det står på en:Mountain: «A mountain is generally steeper than a hill, but there is no universally accepted standard definition for the height of a mountain or a hill although a mountain usually has an identifiable summit.». Ut i frå det vil eg kalla høgdene på Irland for fjell. Mange av dei som er her er høgare enn t.d. dei høgaste Stordfjella, som eg er van med. Er ein på 500 meter på Stord så føler ein verkeleg at ein er på fjellet. Ut i frå bileta ser landskapet til tider faktisk ganske så likt ut òg. For eit par land har eg laga kategoriar med andre namn, som i Danmark og Kviterussland, "Høgder i Danmark" eller noko slikt. Meiner du kategorien burde ha eit anna namn?--Frokor 14:17, 20 oktober 2007 (CEST)
Nei, det var meir eit nysgjerrig-spørsmål. Men kanskje mountain og fjell ikkje er heilt synonyme? I mitt nærområde har me t.d. Gyrihaugen] på 682 meter, som har ein bar topp, og utsyn over fleire fylke], men som wikipedia kallar kolle og Skiforeininga ås. Men kanskje me berre skal akseptere at fjell er eit geografi-relativt omgrep? --Ekko 15:21, 20 oktober 2007 (CEST)
Eg trur nok det er relativt ja. Når eg set om desse artiklane så kallar eg det fjell når det på engelsk står mountain, og ås når det står hill (på Irland og i Storbritannia snakkar dei jo til og med om "marilyns" (som er fjell og åsar med primærfaktor høgare enn 150 m) og "hewitts", i tillegg til fleire andre (en:Hill lists in the British Isles). Eg har plassert alle i fjell-kategoriar så langt (det har vore få åsar eigentleg), men skulle det verte for mange får eg heller ta jobben å anten lage to kategoriar eller endre namnet til "Fjell og åsar i..." osv. eller noko likande --Frokor 21:57, 20 oktober 2007 (CEST)