Kategoridiskusjon:Infoboksar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hadde det vore mogeleg å fått nokon til å opprette ein mal for infoboks for museum på nynorsk? --Sigrunespe (diskusjon) 7. november 2012 kl. 14:40 (CET)[svar]

Eg har no laga ein infoboks for museum. Denne heiter mal:infoboks museum. Du kan gå inn på den sida, kopiere teksten som ligg til venstre i ein artikkel og fylle ut parametrane med eigen tekst. Sei ifrå om det er nokon parametrar du saknar.--Fredrik (diskusjon) 7. november 2012 kl. 15:02 (CET)[svar]

Flott - eg skal teste det ut. Takk for hjelpa --Sigrunespe (diskusjon) 8. november 2012 kl. 09:36 (CET)[svar]

Eg har no testa det ut på Nordfjord Folkemuseum. Det fungerer stort sett fint, men eg lurer på om det kan vere ein feil i biletteksten? Eg fekk ein feil i biletevisinga når eg la inn biletetekst. Eg forsøkte å endre tittelen på parameteret til "biletetekst", og då fekk eg opp igjen biletet, men ikkje teksten. Det er kanskje berre eg som gjer noko feil? --Sigrunespe (diskusjon) 8. november 2012 kl. 09:58 (CET)[svar]

Det er no ordna. Takk for at du tok opp problemet! --Ranveig (diskusjon) 8. november 2012 kl. 10:20 (CET)[svar]

Har me ein infoboks for tv-seriar? --Silver Stone (diskusjon) 1. august 2013 kl. 00:32 (CEST)[svar]