Kategoridiskusjon:J.R.R. Tolkien
Utsjånad
Er det eigentleg naudsynt med underkategoriar her? Det vert jo mykje dobbelkategorisering, denne kategorien er ikkje så stor at han er uoversiktleg (og vil truleg aldri verta det, med det tempoet NW har på litteratursida), og dei to underkategoriane inneheld berre to sider kvar likevel. --Tannkrem 17:09, 9 mai 2007 (CEST)
- Nei, desse verker vera meir til hinder enn til hjelp. Og eg håper verkeleg ikkje me får meir enn 200 artiklar med Tolkien-stoff! --Ranveig 23:51, 9 mai 2007 (CEST)
- Eg måtte berre sjekka at nokon var samde før eg slettar dei... Me kan godt ha hundrevis av artiklar med Tolkien-stoff, men me kan nok klara oss med ein kategori fram til me har iallfall 50. :-) --Tannkrem 00:26, 10 mai 2007 (CEST)
- Fleire hundre artiklar om eit nokså smalt emne blir det ikkje eit godt (allment) leksikon av. Eg trur til dømes det ville vore betre å slå saman artiklar som
EäËa, Arda og Middle-earth til noko slikt som Tolkien-verda. Men det er visst mange wikipedantar som synest at om det finst eit namn til, må det ha ein eigen artikkel. Og då fyller ein jo lett opp ein kategori eller to. --Ranveig 00:38, 10 mai 2007 (CEST)
- Fleire hundre artiklar om eit nokså smalt emne blir det ikkje eit godt (allment) leksikon av. Eg trur til dømes det ville vore betre å slå saman artiklar som
Start ein diskusjon om Kategori:J.R.R. Tolkien
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Kategori:J.R.R. Tolkien kan forbetrast.