Kategoridiskusjon:Kategoriar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finst det nokon gamal diskusjon eller politikk på kategoristrukturen vår. Eg synst det virkar litt tilfeldig og dårleg strukturert. Eg har sans for å ha mange kategoriar, men alt for mange nestan utan innhald er ikkje bra. Det er ikkje riktig alle eg forstår heller. "Kategori etter type", Kategori etter emne" (finst det noko anna?) "Struktur" etc. ? stykkjet 12:33, 21 desember 2007 (CET)

Ranveig og Jorunn er vel kanhende dei som har best oversikt. Men eg trur ikkje det finst diskusjon, politikk eller plan. --Ekko 15:28, 21 desember 2007 (CET)
Det finst ingen overhengande plan, nei. Kategoriane er vakse til etterkvart som dei har fått innhald, og er deretter blitt sorterte gjennom krafttak (Frokor har mellom anna gjort ein stor jobb der). Det er kanhende best å diskutera vidare på Wikipedia-diskusjon:Kategoriar? --Ranveig 16:39, 21 desember 2007 (CET)
Me arbeidar i tråd med det beste innan norsk skippartakstradisjon. --Ekko 21:43, 21 desember 2007 (CET)