Kategoridiskusjon:Konstruerte språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uansett om det fungerar eller ikkje er det vel neppe spesielt nødvendig å ha ein slik kategori? Er det ikkje betre om me bestemmer oss for kva som skal brukast? Entan Kategori:Kunstige språk (som språkvitaren Olve har lagt inn), Kategori:Planspråk (som Esperantobrukaren Verdlanco har lagt inn og som er brukt på esperanto (eo) wikipedia), Kategori:Konstruerte språk (som er den engelske varianten brukt m.a. på en:Esperanto), eller ... (noko anna) ? --Guttorm 10. nov 2004 kl. 15:33 (UTC)

Jau, eg er samd. Eg tykkjer òg at alle tre er synonym. Når ein skal velja éin av dei, trur eg vi må velja noko anna enn «kunstige språk», sidan dette begrepet kan ha negativ verdilading for enkelte. Når det gjelder «konstruerte språk» versus «planspråk» har eg ingen preferanser. Arj 10. nov 2004 kl. 16:21 (UTC)

Eg trur «planspråk» er best – det er både enklare og kortare enn «konstruerte språk». Jarle 10. nov 2004 kl. 16:49 (UTC)


Passar «planspråk» for klingon? For russenorsk? Treng vi kanskje fleire kategoriar?

Eg bladde meg litt fram mellom dei ulike esperantoartiklane på Wikipedia akkurat no og fann ut dette:
Kunst(ig): da: Kunstsprog - sv: Konstgjorda språk - nl: kunsttaal - ca: Llengües artificials - pt: Línguas artificiais - fr: Langue artificielle - it: Lingue artificiali - ru: Искусственные языки - bg: Изкуствени езици - als: e künschtligi Sprooch (i sjølve artikkelteksten)
Konstruert: is: Tilbúin tungumál
Planlagt: de: Plansprache
Til hjelp: io: Helpo-lingui

Hadde sjølvsagt særleg sansen for den alemanniske erklæringa om at esperanto er «e künschtligi Sprooch». Alle dei andre eksempla er kategorinamn. Mange wikipediaer legg denne artikkelen rett i språk, men det verkar ikkje som den rette løysinga. Berre islandsk og engelsk har ikkje-kunst(ig)relatert konstruksjon; tysk har, som esperanto, planspråk; ido har hjelpespråk; og alle dei andre eg greidde å lesa (fy så vanskeleg swahili er! (hoppa over det)) har kunst- art- eller iskus(s)t- — altså ‘kunstspråk’ eller ‘kunstig(e) språk’. Når dét er sagt, så treng vi ikkje nødvendigvis alltid å slå oss med fleirtalet. Eg trur vi bør tenkje på kva for språk vi har tenkt å inkludere her. Eksempel å tenkje over:

  • interlingua
  • klingon
  • månsing
  • pidgin-engelsk
  • russenorsk
  • amerikansk teiknspråk

Vi bør òg tenkje over grensegangen mellom dette og t.d. programmeringsspråk.

Eg har ikkje noko ferdig svar her. Men om vi alle tenkjer gjennom dette, så kan vi jo sjå kva vi kjem fram til...? -- Olve 10. nov 2004 kl. 17:01 (UTC)


"Planspråk" eller kanskje "kunstspråk" passar for språk som esperanto og interlingua. Klingon er eg ikkje sikker på, det fell kanskje i same kategorien? Eller kanskje det faktisk kan kallast eit kunstig språk, saman med ewok-språket...

Pidgin-språk som russenorsk og pidgin-engelsk fortenar nok ein eigen kategori. Dei er ikkje akkurat planlagde språk, og høyrer ofte ikkje til nokon språkfamilie. Men pidgin-språk har mange fellestrekk til kvarandre.

Teiknspråk er såpass spesielle at dei bør sorterast under språk, meiner nå eg. Dersom nokon etter kvart skriv om fleire ulike teiknspråk, kan dei òg få ein eigen kategori.

Som de kanskje skjøner, er slagordet mitt "fleire kategoriar er fint!"

Ranveig 10. nov 2004 kl. 18:34 (UTC)


Ja, fleire kategoriar kan vera bra det! :-) Men vi bør truleg passe på at vi lagar kategoriane vide nok til at det blir i alle fall ein fire-fem artiklar i kvar med tida... MVH den framleis funderande Olve 10. nov 2004 kl. 18:46 (UTC)

Esperanto-Wikipedia har, som Guttorm påpeikte, "Kategorio:Planlingvoj", men han har òg ein artikkel om "Konstruitaj lingvoj", som listar planspråk som éin type konstruerte språk, på line med fantasispråk (som alvisk), eksperimentelle språk (som loglan), leikespråk og hemmelege språk. Dette er jo ei interessant inndeling, men eg veit ikkje om desse språktypane held mål som eigne kategoriar. Mange esperantobrukarar legg stor vekt på at esperanto skal omtalast som eit "naturleg" språk (fordi det i løpet av hundre år faktisk har utvikla seg på ein naturleg måte). Viss vi berre skal ha éin sams kategori for alle slike språk, tykkjer eg difor at "konstruerte språk" er betre enn "kunstige språk", noko Arj òg har sagt. Dét burde dekkja alle språk laga i nyare tid (med eller utan ein "plan" :-)
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 21:40 (UTC)

Nokre kjappe kommentarar før eg må avgårde:

  • interlingua
    • konstruert språk og hjelpespråk
  • klingon
    • konstruert språk
  • månsing
    • Her er det ei grensegang mellom kva som er eit fullstendig språk, og kva som er ein variant. Månsing består stort sett av eit vokabular som brukast «oppå» svensk
  • pidgin-engelsk
  • russenorsk
    • det finst vel fleire pidginspråk basert på engelsk. Men er det rett å seia at nokon har lagd desse språka? Pidginspråk vert til når folk prøvar seg fram
  • amerikansk teiknspråk
    • det er ei vanlig misforståing at teiknspråk for døve er konstruerte språk, men alle som er i bruk som morsmål er naturlege. Amerikansk teiknspråk er ikkje meir planlagd enn t. d. bokmål.

Arj 11. nov 2004 kl. 09:07 (UTC)

Sletting og flytting[endre wikiteksten]

Sidan denne kategorien står tom og truleg vil fortsetta med det (?), kan me kanskje sletta han. I så fall bør me nok flytta diskusjonen ein stad. Kor? -- Ranveig 9. jan 2005 kl. 21:27 (UTC)

Det er ikkje nødvendig å flytta diskusjonen, den er jo der den høyrer heime (?), men den bør lenkjast til frå ein stad folk truleg vil leita etter ein slik diskusjon, kanskje Kategoridiskusjon:Konstruerte språk? --Guttorm 10. jan 2005 kl. 10:19 (UTC)
Ja, anten ein legg vi ein peikar hit derifrå, eller so flyttar vi berre denne diskusjonssida dit.
--Verdlanco (diskusjon) 10. jan 2005 kl. 12:12 (UTC)
Eg tykkjer at det er uturvande og litt dumt å ha ein kategori som aldri skal brukast berre for diskusjonsida. Det er betre å sletta kategorien og flytta diskusjonen til Kategoridiskusjon:Konstruerte språk.
--Arvind 11. jan 2005 kl. 19:41 (UTC)