Kategoridiskusjon:Kvinner frå Sogn og Fjordane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Limer inn diskusjonen frå Wikipedia-diskusjon:Kategoriar--Andreasv (diskusjon) 28. mai 2013 kl. 09:08 (CEST)[svar]

Kategoriar for kvinner?[endre wikiteksten]

I samband med stemmerettsjubileet hadde eg lyst å samle kvinner frå fylket mitt i ein kategori på Wikipedia. Denne vart sletta av brukar:Andreasv med denne grunngjevinga: slettar, til vi har vorte samde om vi skal ha kvinnekategoriar frå fylke, komunem.m. Dette er forståeleg, men eg lurer på om dette er ein diskusjon som pågår, og i så fall kvar? Eg ser gjerne at det vert opna opp for slike kategoriar. Dette er kategorisida som no har vorte sletta: Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane. --Sigrun (diskusjon) 24. mai 2013 kl. 12:39 (CEST)[svar]

Eg ser me allereie har kategoriar for til dømes kvinnlege artistar, filosofar, romfararar og rabbinarar. Eg ser ikkje noko problem med å utvida dette til også å kategorisera kvinner frå ulike stader, tider og liknande. Men om det skal gjerast så generelt bør vel også menn kategoriserast? Eg veit at til dømes svensk og tysk Wikipedia har store sekkekategoriar for kvinner og menn (ein for kvar).
Alternativet er å gå bort frå dette og berre ha kategoriar der kvinner er «spesielle», som Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar og i særs mannsdominerte yrke. Men dette kan lett bli eit spørsmål om skjønn, og ikkje lett å gjera objektivt. --Ranveig (diskusjon) 24. mai 2013 kl. 12:51 (CEST)[svar]

Eg ser i alle fall nytten av ha kjønnskategoriar. Det er kanskje mest aktuelt for kvinner - det er i alle fall i arbeid med kvinner (i historien, i politikken, i økonomien, i fylket) at eg har tenkt at det hadde vore lurt. Men eg tenker også at kategoriar for både kvinner og menn kan vere med å bidra til at ein finn fram til relevante personar enno enklare. --Sigrun (diskusjon) 27. mai 2013 kl. 08:58 (CEST)[svar]

Einig i at dei kan vera nyttige. Eg har sjølv brukt ein del slike kategoriar på Engelsk Wikipedia til å finna ting. Om ingen protesterer, får ein gå ut frå at det er greitt. --Ranveig (diskusjon) 27. mai 2013 kl. 11:52 (CEST)[svar]