Kategoridiskusjon:Landbruk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jordbruk eller landbruk?[endre wikiteksten]

Eg føreslår å flytte denne kategorien til Kategori:Landbruk. Trur dette er eit minst like mykje bruka og meir intuitivt namn. Det passar dessutan med hovudartikkelnamnet Landbruk. -- Olve 19. august 2005 kl. 08:32 (UTC)

Det er eg òg einig i. EIRIK\diskusjon 19. august 2005 kl. 08:38 (UTC)

Kor mange kategoriar bør det vera?[endre wikiteksten]

Det finst òg kategoriar som heiter «Kategori:Skogbruk», «Kategori:Husdyrhald», osb. Ville det vera naturleg at «Kategori:Landbruk» har fyljande tre underkategoriar:

  • Kategori:Jordbruk
  • Kategori:Hagebruk
  • Kategori:Skogbruk

og at «Kategori:Jordbruk» har underkategoriane:

  • Kategori:Husdyrhald
  • Kategori:Åkerbruk
  • osb.

Eller noko slikt?

Bør «kornproduksjon» koma under «Kategori:Åkerbruk»?

Kategori:Husdyrhald burde kanskje ha underkategoriane:

  • Kategori:Mjølkeproduksjon
  • Kategori:Kjøttproduksjon
  • Kategori:Eggproduksjon
  • Kategori:Ullproduksjon
  • osb.

Eller vert dette for detaljert? --Sigmundg 17:37, 3 oktober 2007 (CEST)

Dersom det finst nok innhald til kategoriane du nemner, synest eg dei bør opprettast (men ikkje før). Tredelinga høyrest også fornuftig ut. --Ranveig 19:00, 3 oktober 2007 (CEST)
Syns óg det høyres fornuftig ut. --Frokor 22:21, 3 oktober 2007 (CEST)
Eg stussar på at husdyrhald skal ligge under jordbruk. T.d. er birøkt husdyrhald, men er det jordbruk? Og kva med tamreindrift? Ekko 23:18, 3 oktober 2007 (CEST)
Om ein reknar forproduksjon som ein del av husdyrhald hamnar det under jordbruk, men tamreinsdrift er litt meir uklårt. Sjølv om både reinsdrift og anna nomadedrift nyttar jorda, vert ikkje foret dyrka. Er det naturleg å laga ein 4. kategori «Kategori:Sanking», med underkategoriar som
  • Kategori:Nomadisk drift
  • Kategori:Jakt og fiske
?
Om oppdrett av fjørkree er husdyrhald er det vel naturleg at birøkt òg er det? Ser at engelsk Wikipedia klassifiserer «Beekeeping» under «Category:Agricultural occupations», tysk Wikipedia har plassert «Kategorie:Bienenzucht» som ein underkategori av «Tierhaltung» og fransk Wikipedia har plassert «Catégorie:Apiculture» (birøkt) som ein underkategori av «Élevage» (oppdrett).
Vi får vona at fleire seier kva dei meiner.
--Sigmundg 00:16, 4 oktober 2007 (CEST)------Sigmundg 00:16, 4 oktober 2007 (CEST)
Husdyrhald bør ikkje vera avgrensa til jordbruk, sidan me òg har nomadisk drift og havbruk.--Gunnar Mikalsen Kvifte 00:24, 4 oktober 2007 (CEST)
Sjølv om fiskeoppdrett er oppdrett, er det ikkje landbruk. Det trengst kanskje ein kategori «Kategori:Oppdrett», som er ortogoanal med havbruk og landbruk. --Sigmundg 01:07, 4 oktober 2007 (CEST)
Reindrift høyrer i Noreg til ein annan kultur enn husdyrhaldet, og bør etter mitt syn anten liggje rett under landbruk, eller liggje i ein kategori:utmarksbruk, eller kanskje under begge kategoriane. Birøkt er tradisjonelt rekna som husdyrhald, og høyrer heime der, men om vi får ein kategori:utmarksbruk, er det vel ikkje noko i vegen for å leggje birøkta i den kategorien i tillegg?- Knut 07:25, 4 oktober 2007 (CEST)