Kategoridiskusjon:Målfolk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Har me nytte av denne kategorien når den ommfatter alle som brukar nynorsk? --Ekko 20:24, 20 mai 2008 (CEST)

Om vi skal bruke nynorskordboka som autoritet, hamnar vi på ei slik tyding av ordet målfolk:[1]. Men eg kan ikkje skjønne at ordet målfolk er noko anna enn fleirtal av målmenn[2], og i så fall må dei ikkje-stridande nynorskbrukarane ut. I den grad dei finst. -Knut 21:32, 20 mai 2008 (CEST)
Eg synest det gjev mest meining å nytte definisjon #2. Nyttar ein definisjon #1 vil til dømes ein journalist som har fått ein eller fleire artiklar på trykk i Dag og Tid bli kategorisert her, sjølv om han/ho sidan berre skriv bokmål/riksmål. (Det finst fleire konkrete døme her.) Og det blir jo ein unyttig kategori. --Ekko 22:49, 20 mai 2008 (CEST)
Ja, om Barend får det som han vil, skal alle etterkvart inn i denne kategorien: ) Det som er verre, er at eg sjølv, om eg skulle bli leksikonverdig nokon gong, kan risikere å komme i ein kategori:Bokmålsfolk, sidan eg har skrive så mykje på bokmål. Eg synest vi skal endre kategoridefinisjoen til Målfolk er forkjemparar for norsk målreising som sjølv skriv nynorsk. Eller noko i den retninga....... --Knut 23:09, 20 mai 2008 (CEST)