Kategoridiskusjon:Norske byar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Byar i Noreg" eller "Norske byar"?[endre wikiteksten]

Eg ser at Ranveig har slege saman kategoriane Kategori:Byar i Noreg og Kategori:Norske byar.

Dét trongst sjølvsagt.

Men eg er usamd med Ranveig i at den samanslegne kategorien bør heita Kategori:Norske byar; eg synest det andre namnet er betre. Elles vil me få kategorinamn som Kategori:USA-amerikanske byar (i staden for det meir intuitive Kategori:Byar i USA), og me kan hypotetisk òg få forvirring kring t.d. "franske byar" i Kanada (til skilnad frå engelsktalande), eller andre etniske konsentrasjonar i utlandet. (Kva tid får me den fyrste heilnorske [pensjonist]byen i Spania? :-)

Eg tykkjer i alle høve at "Byar i/på <land>" er ein meir presis tittel.

--Verdlanco\diskusjon 12. apr 2005 kl. 0718 (UTC)

Eg ser (t.d. i Kategori:Europeiske byar) at me har litt av kvart, ja. Eg har ikkje noko imot "Byar i Noreg", flytt gjerne over heile hurven frå Norske byar. Skal dette òg gjelda for verdsdelar, slik at me får "Byar i Europa" heller enn "Europeiske byar", eller held det med landa for seg sjølve? Dette er eit generelt spørsmål, alle kan svara! -- Ranveig 12. apr 2005 kl. 1721 (UTC)