Kategoridiskusjon:Norske innvandrarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg likar ikkje namnet på denne kategorien. Når personar som Noman Mubashir, som er født og oppvaksen i Noreg, vert kategorisert som innvandrarar, er det pinleg. Kanskje vi bør lage ein annan kategori kalla innvandrargrupper... --Anders 12:58, 22 juli 2007 (CEST)

Då blir Mubashir fortsatt kalla innvandrar. Kunne me få til noko av typen «minoritetar i Noreg» i staden? Eller meinte du folkegrupper? --Ranveig 14:42, 22 juli 2007 (CEST)
Uff ja, det var vel folkegrupper eg meinte.--Anders 16:07, 22 juli 2007 (CEST)
Kva med Etniske minoritetar i Noreg? Trondtr 21:24, 22 juli 2007 (CEST).
Det er neppe gale å kategorisere Lorentz Lossius som innvandrar til Noreg - men å plassere han i ein etnisk minoritet verkar unaturleg. For meg ser det ut til at feilen er at dei etniske minoritetsgruppene norsk-pakistanarar, norske sikhar osb er kategoriserte som innvandrarar. For det treng dei ikkje vere. -Knut 21:41, 22 juli 2007 (CEST)
Etter mi meining er det problematisk å gruppera einskildpersonar etter etniske kategoriar. Omgrepet «etnisitet» er ikkje lett, er t.d. adoptivborn som Cathrine Sandnes del av ein etnisk minoritet? Folk med ein norsk og ein arabisk forelder? Dei gresk-samiske? Det hadde vore greit med eit slags samemantal, kor ein kunne melde seg inn. Eg trur det blir rart for folk om me meldar dei inn i ei gruppe dei sjølve ikkje føler seg heime i. --Ekko 21:46, 22 juli 2007 (CEST)
Kategorien "innvandrarar" og kategorien "etniske minoritetar" er to ulike kategoriar. Den første med etternamnet mitt (Outzen) kom til Noreg frå Sønderjylland for over to hundre år sidan. Han var innvandrar. Men ingen av oss med dette rare namnet har sidan vore etnisk minoritet - altså hatt annan kultur enn den protestantisk-sekulære-norskspråklege majoritetskulturen. Ein innvandrar er altså ein som kjem frå utlandet og slår seg ned i Noreg. Punktum. "Andregenerasjonsinnvandrarar" er eit håplaust omgrep. Etniske minoritetar har berre delvis og ikkje nødvendigvis med innvandring å gjere. Dei er sjølvsagt vanskeleg å definere. Men det at etniske minoritetar er vanskelege å definere, betyr ikkje at dei ikkje finst. Adoptivbarn veks (oftast) opp i majoritetskulturen og tilhøyrer ingen etniske minoritetar, sjølv om dei kan ha fysiske særdrag. Derimot er samar ein etnisk minoritet definert språkleg-kulturelt, som er det etnisitet går på. Dei fleste muslimar òg. Menneske med foreldre frå ulike etniske bakgrunnar, veks gjerne opp med meir av den eine enn den andre sin kultur, og kan plasserast ut frå det. Men dersom ein er tvil, er det betre å la vere å plassere ein person etnisk her i wikipediaen. Dei som heilt klart ikkje er protestantisk-sekulære og med norsk som heimespråk kan definerast som etniske minoritetar utan at det ligg noko negativt i det. Eg meiner demokrati ikkje er å late som etniske minoritetar ikkje finst, for det gjer dei i mest alle land, men å sikre minoritetane individuelle og kollektive rettar overfor staten og storsamfunnet, innanfor grenser som må vere menneskerettar og rettferdige lover som byggjer på desse. Elles er det viktig å hugse at den etniske identiteten vår berre er ein av mange identitetar vi alle har. --Erling 14:36, 23 juli 2007 (CEST)
Mi meining er at me berre identifiserar folk som høyrande til ein minoritet, i det mon dei sjølve offentleg har definert seg inn i han. --Ekko 14:45, 23 juli 2007 (CEST)

Eg trur me er nokså einige her (eg har ikkje innmeldingsprosessen til Ekko heilt klart for meg, men er stort sett einig i at me får halda oss til det folk meiner om seg sjølv). Eg føreslår at me bruker denne kategorien til folk som er fødde som utlendingar og har blitt norske seinare. Altså kategorisering av personar som Haakon og Olav direkte, og ikkje underkategoriar (i alle fall ikkje dei som er der no). Og så støtter eg forslaget om kategorien «Etniske minoritetar i Noreg» for dei andre. --Ranveig 17:13, 23 juli 2007 (CEST)

OK det. Eg hugser ikkje om det var Johanna Schwartz eller Calle Almedal dei sa om, at vedkommande tilhøyrde så månge minoritetar at vedkommande var ein majoritet alleine. --Ekko 17:34, 23 juli 2007 (CEST)