Kategoridiskusjon:Plantefamiliar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har fått fingrane på eit framifrå bokverk om plantesystematikk, og kjem i tida framover til å leggja desse kategoriane i ordenskategoriar, til dømes "Rosefamilien" over i "Rosales". Deretter vil eg sletta heile Kategori:Plantefamiliar, sidan denne ikkje er i tråd med biologisk-systematiske prinsipp slik dei vert hevda i dag.--Gunnar 23. september 2008 kl. 09:52 (CEST)[svar]

Orden er greitt, men som eg sa i slettediskusjonen her kan det også vera greitt med breie og mindre systematiske kategoriar. Kategoriar gjer det lettare å finna ting gjennom ulike assosiasjonsmetodar, og der trur eg usystematiske kategoriar kan vera til hjelp. I tillegg er det historisk interessant å sjå kva som er blitt kalla familiar, synest eg. --Ranveig 23. september 2008 kl. 10:18 (CEST)[svar]
Dersom vi skal gjere ei slik rydding som Gunnar varslar, må wikipedia seie oss noko om kor vi skal leggje plantane og kor vi kan finne dei. Vi som berre har tilgang til Lids flora, veit ikkje anne enn at Bringebær høyrer til rosefamilien. -Knut 23. september 2008 kl. 16:46 (CEST)[svar]