Kategoridiskusjon:Politikarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Er det noko meining i å ha to separate kategoriar "statsleiarar" og "statsoverhovud"? I så fall, kva er skilnaden? (Barend 11. jan. 2006 kl. 16:11 (UTC))

Eg veit ikkje om dette er heilt ut rette målbruket, men eg har i minsto tokken av at skilet er i bruk mellom røynleg og konstitusjonell leiar av statar. Dronning Elizabeth er statsoverhovud i land som Storbritannia, Australia og Canada, men desse landa har andre statsleiarar. Soleis kan ein skilja i alle konstitusjonelle monarki og i republikkar med parlamentarisme òg. Når en talar om at einkvan er på eit møte med alle statsleiarane i Europa, er det neppe kong Harald, dronning Beatrix eller presidenten i Tyskland eller Italia det gjeld, men snarare statsministrane i desse landa. --Berre ei sleggje 11. jan. 2006 kl. 16:18 (UTC)
Men sidan Statsleiarar her tek med norske regentar og britiske monarkar, og statoverhovud er skift i monarkar og presidentar, er noko slikt skil ikkje teke til fylgja, ser eg. --Berre ei sleggje 11. jan. 2006 kl. 16:20 (UTC)
Det var det eg la merke til eg og. Det går jo då an å gå inn og fjerna, til dømes britiske monarkar frå statsoverhovud og setta dei under monarkar, som er underkategori under statsleiarar. (Barend 11. jan. 2006 kl. 16:36 (UTC))