Kategoridiskusjon:Prefektur i Hellas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transkripsjon av nygresk[endre wikiteksten]

Frokor har vore flink og etablert mange artiklar om gresk geografi - godt gjort! Dette har aktualisert spørsmålet om transkripsjonsreglar, i og med at nygresk ikkje vert skrive med det latinske alfabetet. Våre vener i Språkrådet har sett opp retningsliner for transkripsjon av nygresk, som kan lesast her. For å letta praktiseringa av desse retningslinene har dei òg sett opp fyldige lister over greske stadnamn her og administrativ inndeling av Hellas her. Det er vel stort sett ei haldning her på nn-wikipedia at ein fylgjer Språkrådet sine råd (som t.d kjem fram her. Me gjer òg det for transkripsjon av kyrilliske alfabet. Eg meiner me bør gjera det for nygresk òg, men det bør nok drøftast først. Det vil føra til mange endringar, og ein del navn vil kanskje enda opp annleis enn ein er van med å sjå dei. Døme er Heraklion til Iráklio, Aitolia og Akarnania til Etoloakarnanía, Argolis til Argolída - alt i alt vil svært mange navn få ein annan stavemåte. Språkrådet held fast ved enkelte namn som er særs velkjente på norsk, som Kreta, Korint, Peloponnes og Aten/Athen. Dessutan går Språkrådet inn for at ein brukar aksentteikn til å markera trykket. Det inneber at alle navna får lagt til ein ´ - altså må alle artiklane flyttast. Dette bør likevel ikkje vera eit argument mot å følgja Språkrådet, ekstraarbeidet tek eg gjerne på meg dersom det er stor semje om at det bør gjerast.

Argumenta for å gå over til Språkrådet sin tilrådde transkripsjon er, som eg ser det:

  • Me held oss konsekvente i det å fylgja Språkrådet, i og med at me gjer det i andre samanhengar.
  • Me får navn på det latinske alfabetet som betre gjengir uttalen av dei nygreske namna.

Eg meiner altså at me bør følgja Språkrådet sin transkripsjon, men eg vil gjerne høyra fleire brukarar si meining før eg evt. går i gang med flytting. --Barend 23:27, 29 oktober 2007 (CET)

Eg er einig. Eg har prøvd å følgje dei så godt som råd, men eg har ikkje sjekka for kvar artikkel (mange namn står ikkje i den "vanlege" geografiske namnelista). Hadde eg visst om den greske stadnamnlista deira hadde det vore enklare og spart ein del omdirigeringsarbeid no. Eg kan hjelpe til med flytting :-) --Frokor 23:36, 29 oktober 2007 (CET)
Her er ei liste over alle artiklar som eg skreiv (eller utvida): Brukar:Frokor/Hellas og Byar i Hellas. Eit greit utgangspunkt for kva som må flyttast. --Frokor 16:53, 30 oktober 2007 (CET)
Ja ja - då er det vel berre å køyra i gang?--Barend 00:36, 31 oktober 2007 (CET)
Eg stør denne endringa. Det er sant at det er nye former (dette er ein Beijing-reprise), men dels følgjer vi språkrådsstandard, og dels blir vi faktisk i stand til å uttale namna på ein måte som grekarar vil kunne kjenne att. Trondtr 08:32, 31 oktober 2007 (CET).