Kategoridiskusjon:Russiske politikarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har lagt til Martov, Stalin og Khrustsjov under denne kategorien. Etter same logikken burde Bresjnev òg vore det. Men først burde vi klårgjere kva vi meiner med "russisk" her. Martov var jødisk, Stalin georgisk og Khrustsjov (og Bresjnev) ukrainske. Trotskij ukrainsk-jødisk. Men dei var politikarar i den russiske staten og det russisk-dominerte Sovjetunionen. På russisk er det etter det eg forstår to ulike ord for "russisk", eit for det etniske (russkaja) og eit for statsterritoriet (rossiiskaja). Kva for eit er det vi meiner? Eg meiner vel det statsdefinerte er det aktuelle og dermed høyrer alle dei nemnde med. Eller kva? --Erling 3. jan. 2006 kl. 18:55 (UTC)

Dei fleste vil nok tenka på nasjonaliteten heller enn etnisiteten når dei bruker "russisk" om nokon, så der er eg einig i tolkinga di. Men døma du nemner kunne kanskje like godt vore plasserte under "sovjetiske politikarar" -- kanskje dette i tillegg til russiske? -- Ranveig 3. jan. 2006 kl. 19:20 (UTC)
Martov måtte fare i eksil alt før Sovjetunionen vart oppretta, men dei andre var sjølvsagt (også) sovjetiske politikarar. Men er andre einige i at dei òg var "russiske" politikarar, attåt å vere sovjetiske, dersom vi ser Sovjetunionen som statsdanning som eit framhald av det russiske imperiet, og den noverande russiske føderasjonen som eit framhald av den russiske kjerna i Sovjetunionen?--Erling 3. jan. 2006 kl. 19:38 (UTC)
Dette er litt vrient. Etter å ha tenkt meg om trur eg eg meiner at folk som var politisk aktive i Russland før 1917, såvel som etter 1917 bør kategoriserast som både russiske og sovjetiske politikarar. Men folk som berre var aktive under Sovjet-tida bør kategoriserast som sovjetiske. Iallfall hvis dei ikkje er etnisk russiske. Eg ville altså rekna Stalin og Lenin som både russiske og sovjetiske politikarar, men Brezjnev og Khrusjtsjov berre sovjetiske. Og Gorbatsjov òg som både russisk og sovjetisk politikar, fordi han var aktiv politisk etter oppløysinga av Sovjetunionen. Men eg skjønar det godt hvis andre synest dette blir for rotete. (Barend 5. jan. 2006 kl. 22:28 (UTC))