Kategoridiskusjon:Samar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg får ei kjensle av at me nyttar denne kategorien for alt som er samisk, men eg er sikker på dei ikkje nyttar "Norwegians" for alt som er norsk på engelsk. Eg føresleg at me gjev han namnet "Sameland", eit namn samar ofte nyttar sjølv når dei ønskjer å skildra nasjonen sin. Eit alternativ er "samisk kultur". Bjarte 6. apr 2005 kl. 0018 (UTC)

Nja... Eitt problem er at «Sameland» blir geografisk innsnevrande. Kva gjer vi t.d. med reindriftssamane kring Setesdalen1800-talet da? Ein viktig grunn til at «Norwegians» ikkje er hovudkategorien for alt norsk på den engelske Wikipediaen er at «Norwegians» er definerte ut frå sambandet med landet Noreg heller enn som folkegruppe. Om ein skal definere nordmenn som folkegruppe, så får ein faktisk problem med argumentasjonen (er om ein ikkje brukar som hovudargument at det er «dei som bur i og/eller kjem frå Noreg».
Kategori:Sameland er absolutt ein viktig kategori å ha med (og dit bør ein leggje dei ulike sametinga/sameparlamenta, artiklar om samiske kjerneområde, artiklar om samiske landrettar og liknande. Men eg trur at denne kategorien bør vera ein underkategori til Kategori:Samar. Når dét er sagt, så lyt vi vel òg ha litt saksing der, slik at kategorien Sameland òg inneheld underkategorien Kategori:Samar... -- Olve 6. apr 2005 kl. 2342 (UTC)
Så Sameland vert altså berre nytta for eit geografisk område og aldri som eit abstrakt omgrep? Bjarte 7. apr 2005 kl. 2235 (UTC)
Nei, det blir no i og for seg bruka som abstrakt omgrep òg til tider — men ut frå eit deskriptivt synspunkt trur eg det mest presise er å rekne etnisiteten som primær heller enn landområdet. (Dét tyder no forresten ikkje på nokon måte at eg er mot samiske landrettar...) Noko liknande gjeld elles andre etnisitetar utan spesifikke landegrenser, slik som t.d. Kurdistan/kurdarar. -- Olve 7. apr 2005 kl. 2302 (UTC)
Høyrest greitt ut. Bjarte 7. apr 2005 kl. 2321 (UTC)