Kategoridiskusjon:Serbisk geografi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjer me det no sånn at me reknar Kosovo for eit sjølvstendig land, eller bør kategoriar som omfattar Kosovo enn så lenge ligge inn under Serbia? Eit døme kan vere eit fjell som ligg heilt innafor grensene til Kosovo. Denne artikkelen vert plassert i kategorien «Fjell i Kosovo», og ikkje direkte i kategorien «Fjell i Serbia», men bør kategorien «Fjell i Kosovo» ligge som ein underkategori i «Fjell i Serbia» eller ikkje? Noreg har anerkjend Kosovo, men tyder det at det er fritt fram for oss og handsame Kosovo som eit sjølvstendig land? --Frokor 6. februar 2009 kl. 21:39 (CET)[svar]

en: ligg Kosovo framleis inn under Serbia, sjå: en:Category:Mountains_of_Serbia. Eg synest me skal gjere det same inntil Kosovo har vorte medlem av SN. Hogne 7. februar 2009 kl. 01:37 (CET)[svar]
Ok. Og så lenge artiklane ligg plassert i ein Kosovo-kategori, er det kjapt å «skape eit nytt land» seinare. --Frokor 7. februar 2009 kl. 11:31 (CET)[svar]