Kategoridiskusjon:Sosialdemokratiske parti

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det som er litt vanskeleg og misvisande med å leggje tidlegare parti som norske NSA, tyske USPD og russiske RSDRP i kategorien "Sosialdemokratiske parti", er at denne nemninga betydde noko anna da dei eksisterte enn no. Desse partia ville heilt klart måtte bli kategoriserte som venstresosialistiske idag. Sidan dei forsvann er det jo vanskeleg å vite korleis dei hadde utvikla seg. Til dømes norske DNA gjekk jo frå ein moderat sosialistisk/sosialdemokratisk kurs via medlemskap i Komintern til "venstrekommunisme" til venstresosialisme til sosialdemokrati i dagens forstand. Men DNA høyrer sjølvsagt til i kategorien fordi han idag kan definerast som omfattande SI-partia. Andre som har syn på dette? Burde alle tidlegare parti liggje i ein eigen kategori? --Erling 19. mar 2005 kl. 1318 (UTC)

Orsak, eg såg bare på dei som nemnde "sosialdemokrat" eller liknande i artikkelen og la dei rett inn. Dersom eit parti har sosialdemokratiske tendensar synest eg dei kan liggja her. Dersom det har gått heilt vekk frå retningen, kan det kanskje gå inn under "tidlegare sosialdemokratiske parti" - der me i grunnen òg kan leggja parti som ikkje finst lenger.
Du kan redigera kategorien som ein artikkel og skriva ned kriteria du kjem fram til for kategoriseringa. -- Ranveig 19. mar 2005 kl. 1346 (UTC)

Kan vi ikkje berre opprette ein underkategori under Kategori:Sosialistiske parti vi kallar Kategori:Tidlegare sosialistiske parti, der vi legg alle nedlagde parti, enten dei kalla seg det eine eller det andre? Opprettar du kategorien, kan eg fylle han med dei partia det gjeld (også norske SF, tyske SAP, osv). --Erling 19. mar 2005 kl. 1355 (UTC)