Kategoridiskusjon:Sport-dataspel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Treng me denne kategorien? I så fall treng han eit nytt namn. Sport-dataspel er vel ikkje eit omgrep? Og alle underkategoriane er eg heilt sikker på at me ikkje treng, når alle berre inneheld den same einslege artikkelen. --Tannkrem 7. november 2009 kl. 02:03 (CET)[svar]

På nb-wiki heiter denne kategorien «kategori:sportspill», og eg tenkte då at sport-dataspel ville vere eit meir presist ord sidan kategorien var meint å gjelde dataspel, pluss det at ordet «sportspel» kan tyde så mangt. Kategorisering av dataspel etter sjanger er vanleg hjå wikipedia på andre språk, så eg gjer dette her òg. Eg er eining i at me kan fjerne alle underkategoriane i denne kategorien førebels sidan desse sannsynleg ikkje vil bli fylte på lenge, men eg synes at sjølve hovudkategorien bør få stå.
Om namnet «kategori:Sport-dataspel» ikkje duger, burde kategorien kanskje bli omdøypt til noko ala Dataspel om sport? Eller berre Sportspel? --Fleinn 7. november 2009 kl. 11:36 (CET)[svar]