Kategoridiskusjon:Språkrøkt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Røkt, planlegging eller politikk[endre wikiteksten]

Eg laga nett kategorien kategori:språkplanlegging, men var i tvil om eg skulle kalle det språkpolitikk. Så kjem eg hit og ser at det eksisterer ein kategori språkrøkt. Med litt velvilje kan eg få desse tre orda til å tyde ulike ting:

  • Språkrøkt = småflikking på eit eksisterande språk
  • Språkplanlegging = ein overordna plan for kva språk som skal brukast kor, og for korleis språket som skal skrivast, ordforråd, osb.
  • Språkpolitikk = Striden om kva prinsipp dei to andre skal førast etter (m.a.)

Eit prinsipp i lingvistikken er kontrastprinsippet, at der det er formskilnad prøver menneska å lage tydingsskilnad. Kanskje er eg underlagt dette prinsippet. Eg lar i alle fall språkplanlegging stå som kategori, og håpar at han skal bli fylt. Trondtr 11. okt. 2005 kl. 04:22 (UTC).

Mange kategoriar er bra, så lenge dei er godt definerte og integrerte med kvarandre. Me bør ha peikarar i kvar av kategoriane til dei andre, eller kanskje ein kan vera overkategori? -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 10:36 (UTC)