Kategoridiskusjon:Stortingsrepresentantar 1833-1835

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Før årlege storting vart vedteke på Stortinget i 1869 var det stortingsval kvart tredje år. Valet vart halde om hausten, og så samlast dei utvalde til storting i hovudstaden på nyåret. Vala gjaldt for tre år, men dei fyrste vel 40 åra etter 1814 vart det aldri halde storting det tredje året i perioden. For meg vert det såleis misvisande med kategoriar som dekker heile treårsperioden. Eg hallar til at kategorien bør avspegle funksjonstid, framfor valperiode. Til dømes Stortingsrepresentantar 1833, då det ikkje var ting i 1834-35, og Stortingsrepresentantar 1836-1837, då det Stortinget var samla i 1836 til juli månad, og på ny (som såkalla overordentleg storting) frå hausten 1836 til inn i 1837. Kva meiner andre?--Migne 9. juni 2010 kl. 18:07 (CEST)[svar]

Det høyrest lurt ut. Desse kategoriane er nok blitt laga i ein fart ein gong, ikkje nødvendigvis av nokon som visste akkurat korleis Stortinget stelte seg på tida det er snakk om. --Ranveig 9. juni 2010 kl. 22:38 (CEST)[svar]
Sikkert det rettaste ja, men det vert eit arbeid som krev at ein veit når det vart halde storting. --Andreasv 9. juni 2010 kl. 23:41 (CEST)[svar]
Eg synest ikkje dette er så lurt. Stortingsrepresentantane var valde for heile perioden, og kunne i dei dagar kalle seg stortingsmann heile perioden. Og det kan godt vise i kategorien. Viss nokon lagar artiklar om kvar enkelt stortingsperiode, så kan slike opplysingar om når Stortinget var samla kome fram. Det er også det enklaste å ha kategoriar for valperioden, noko som eg synest er eit argument med vekt. --Egil Arne 10. juni 2010 kl. 08:41 (CEST)[svar]