Kategoridiskusjon:Strøk i Oslo

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er ikkje einig i at me skal ha ein kategori som heiter strøk. Ordet bydel hadde ei meining før ordet blei nemninga på ei administrativ inndeling i Oslo, og bystyret i Oslo kan ikkje fjerne den meininga. Eg vil derfor gjere framlegg om to ulike kategoriar: «Bydelar i Oslo» (kor Vålerenga høyrer heime) og «Administrative bydelar i Oslo». --Ekko 22:23, 12 mars 2008 (CET)

Og når eg ser kva som blir putta inn i kategorien blir eg enno sikrare. Galgeberg kan vera eit strøk, det er eit vegkryss og husa rett inntil. Majorstua og Vålerenga er absolutt bydelar, store, definerte område. --Ekko 22:29, 12 mars 2008 (CET)

Er med på at bydel brukast om det som Oslofolk oftast kallar strøk slik at ordbruken overlappar. Men bydel er no godt innarbeidd for det du vil kalla administrativ bydel. Med ditt forslag blir det opplagt forvirring, fordi bydel no er så innarbeidd om dei administrative einingane. Derfor meiner eg det er best å følge vedtak i bystyret og den mest utbreidde bruksmåten: bydel og strøk. Majorstua og dei andre folkerike strøka er også oftast kalt strøk i dag, ikkje bydel, ut fra min erfaring. Helge Høifødt 22:39, 12 mars 2008 (CET)

Eg er ikkje samd i at «strøk» er eit gjengs ord i Oslo, det blei ikkje alle fall ikkje bruka då eg vaks opp på Majorstua på 60-talet, dessutan er ordet så upresist at det er tilnærma meiningslaust. Det kan femne alt frå halve Noreg (sentrale strok på Austlandet) til eit vegkryss (Galgeberg-stroket). Uansett, så er det strok på nynorsk, ikkje strøk, men det er no ein underordna ting. --Ekko 22:47, 12 mars 2008 (CET)
Oppdatering etter mange år: Det er absolutt trong om ei strok-nemning i byane. Eit strok og ein bydel er to vidt ulike ting, enno meir etter at tidlegare bydelar har vorte samanslegne og no dannar store geografiske einingar der innbyggjarane absolutt ikkje har noka tilhøyrekjensle seg i mellom. Eg bur i St. Hanshaugen bydel i Oslo. Den bydelen strekk seg frå ytterkantane av sentrumskjerna mest opp til Ullevål. Stroket mitt er Fagerborg, her har vi skule, lokal pub, kyrkje og anna. Men også folk i Vestre Aker bydel kan kjenne seg som fagerborgarar (dei bur på andre sida av Kirkeveien) - så bydel og strok er ulike einingar, og bør handsamast såleis. I ei ideell verd hadde kanskje stroka vore like med bydelane - då hadde ein fått eit meir levande lokaldemokrati med folk som brydde seg om nærmiljøet, men no er vel trenden at alt skal bli slått saman. --BLÆGG (diskusjon) 19. november 2016 kl. 15:01 (CET)[svar]