Kategoridiskusjon:Takson etter forfattar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Automatikk?[endre wikiteksten]

Denne kategoriseringa er kanskje noko me kunne ha fått lettare til med automatisering? Anten ved hjelp av Lua-systemet eller Mal:Taksonominamn. --Ranveig (diskusjon) 30. oktober 2016 kl. 19:37 (CET)[svar]

Det hadde heilt klart vore det beste, og skal nok la seg gjere, men dette er over mi evne. Kanskje Njardarlogar kan sjå på det, etter kvart. – Neuraxıs (diskusjon) 30. oktober 2016 kl. 20:38 (CET)[svar]
Det kan sikkert gjerast. Er det semje om formatet Kategori:Takson namngjevne av <fullt namn>? Einaste vansken eg kan koma på (som gjeld Wikidata) er at artikkelnamn og Wikidata-merkelappar kan endra seg over tid (t.d. om ein del av namnet vert stytt av eller skriven på full form), slik at ein plutseleg kan få raudlenkjer på kategoriar. Dette problemet unngår ein ved å nytta lokale data (slik som her), men då forsvinn sjølvsagt noko av automatiseringa. Ein kan òg nytta eit kombinert system der modulen fyrst slår opp lokalt og deretter på Wikidata om han ikkje finn noko. --Njardarlogar (ordskifte) 31. oktober 2016 kl. 09:00 (CET)[svar]
Flott, tenkte dette ville vera lettare med Lua enn med gamaldags switching. Eg trur det kan vera lurt å ha kontrollen her på nn. Kanskje til og med berre leggja til kategoriar som allereie finst, viss det er mogleg? Malen for kategorinamn ser grei ut. --Ranveig (diskusjon) 31. oktober 2016 kl. 09:47 (CET)[svar]
Då har eg byrja med implementeringa. Førebels er det berre lokale argument som gjev automatisk kategorisering; skal sjå på Wikidata etter kvart. Døme på bjørk. (Kategori:Takson namngjevne av Carl von Linné inneheldt 38 sider før implementeringa; nett no inneheld kategorien 414, so dette var effektivt..) --Njardarlogar (ordskifte) 1. november 2016 kl. 21:36 (CET)[svar]