Kategoridiskusjon:Verdsarv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva skapar minst rot?[endre wikiteksten]

Såg at verdsarvstatusen til Riga og Tallinn "forsvann" (eller kategoriane "verdsarv i Latvia/Estland" gjorde) med grunngjevinga at landa deira har lite verdsarv. Eg er einig i at det ser litt rart ut med kategoriar som bare har eit par artiklar, men på ein eller annan måte må då også desse områda få koma inn under verdsarv-kategorien. Korleis skal det gjerast?

Ulike løysingar:

  1. Kvart land får ein verdsarv-kategori. Dette gjev oversikt både i kategori:verdsarv og i kategorien for kvart land, men kan føra til skrinne kategoriar.
  2. Verdsarv kan samlast i område, til dømes "Verdsarv i Baltikum".
  3. Verdsarv frå land som har lite av det blir lagt inn under verdsdelen, t.d. "Verdsarv i Europa".

Ranveig 22. mai 2006 kl. 15:14 (UTC)

Stemmer då for "Verdsarv i Baltikum". --Gunnernett 22. mai 2006 kl. 15:26 (UTC)