Kategoridiskusjon:Vestbredda

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne kategorien må endrast til Kategori:Vestbreidda - hovudoppslaget bør vera rett stava...

Sjå Nynorskordboka: «bredd» og «breidd». Det går kanskje ikkje så tydeleg fram der, men «breidd» har grunntydinga ‘vidd’ og «bredd» har grunntydinga ‘kant’. No ser eg at Språkrådet bestemt seg for å bruke den analogiske forma Vestbreidda.[1] Men eg tykkjer no at akkurat dét skjer noko i augo... -- Olve 9. jan. 2006 kl. 07:45 (UTC)
Hadde det vore slik at berre den eine forma var i bruk, og den forma var tilrådd av Språkrådet, så ville eg elles vore meir tilbøyeleg til å vera einig i at den forma skulle brukast. Men slik det er, så er den forma som heng best saman etymologisk, men som altså ikkje er forma som Språkrådet tilrår, òg i bruk, som vi ser i Google. Eit kjapt søk viser òg at nordbredda, sørbredda og austbredda er ord som er i praktisk bruk ved sida av den analogiske forma nordbreidda, sørbreidda og austbreidda. -- Olve 9. jan. 2006 kl. 08:04 (UTC)