Katharina Molitor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katharina Molitor


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 8. november 1983 (40 år)
Bedburg
Idrett friidrett, volleyball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Katharina Molitor (fødd 8. november 1983) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bedburg i Nordrhein-Westfalen som deltek i spydkasting. Ho vart verdsmeister i øvinga under VM i friidrett 2015. Molitor vart tysk meister i 2010 og 2015.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Molitor sette i mai 2008 personleg rekord med 61,74 m under eit stemne i Halle. Ho vart utteken til sommarleikane i Beijing, der ho vart nummer åtte. Den 25. juni 2010 forbetra ho den personlege rekorden til 64,53 m på heimebana i Leverkusen, og fire veker seinare vart ho tysk meister i Braunschweig med eit bestekast på 64,27 m. Under europameisterskapen i Barcelona enda ho med 63,81 m på fjerdeplassen. Sommaren 2011 flytta ho sitt personbeste i øvinga med 14 cm til 64,67 m i Kassel. Tre veker seinare vart ho nummer fem i VM i Daegu, same plasseringa fekk ho i EM året etter, medan ho i London-OL kom på sjetteplassen.

Sommaren 2015 var Molitor i sitt livs beste form. I juli månad forbetra ho den personlege rekorden til 66,40 m då ho vann DL-tevlinga i Luzern. Veka etter vart ho i Nürnberg tysk meister for andre gong med eit kast på 65,40 m. Den 30. august 2015 smelte ho til med heile 67,69 m i siste omgangen under friidretts-VM i Beijing, og vann gullmedaljen framom den kinesiske heimfavoritten Lü Huihui. Under friidretts-EM 2016 enda Molitor som nummer fire.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]