Katherine Knight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katherine Knight
Statsborgarskap Australia, Sverige
Fødd 24. oktober 1955 (68 år)
Tenterfield
Yrke kriminell
Straff livstidsstraff

Katherine Mary Knight (fødd 24. oktober 1955) var den fyrste i Australia som blei dømt til livstid utan prøvelauslating. Ho blei dømt for drapet på partnaren sin, John Charles Thomas Price, i oktober 2001.

Då ho gifta seg i 1974 prøvde ho å kvele ektemannen på bryllupsnatta av di han sovna etter «berre» tre omgangar med samleie. Paret blei skilt, men fyrst etter ti år.

Men det var partnaren John Charles Thomas Price som fekk lide. Etter fem turbulente år saman med Knight oppsøkte ho han ein kveld, dei hadde samleie og etterpå knivstakk ho han 37 gongar. Deretter flådde ho han og hang opp huden over inngangspartiet, kokte suppe på hovudet hans og lagde steik av rumpa hans. Ho dekte på til to personar og serverte rumpestieken saman med poteter, gresskar, kål, squash og saus, ved sidan av maten la ho ein lapp med namnet til kvar av borna hans.

Knight forsøkte å anke livstidsdommen i 2006 utan hell.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Andre kjelder: