Kathina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kathina-opptog i Wat Khung Taphao i Thailand.

Kathina eller kathen er ei buddhistisk høgtid som kjem ved slutten av vassa, den tre månader lange regntida markert innan theravada. Ein markerer henne gjennom gåvegjeving og seremoniar. Truande gjev gjerne gåver til buddhisttempel, særleg draktklede til munkane, som har vore bufaste under regntida.

Den thailandske statministeren Abhisit deler ut kathinaklede.

Paliordet «kathina» viser til ei treramme som munkar i det gamle India brukte til å strekka ut og skjera eller sy saman tøy på. Det var vanleg å laga «kathinaklede» av fleire samansydde lappar på ei slik ramme.[1] Ifølge ei buddhistisk forteljing sende Buddha klede gjeve til han av ein lekmann til ei gruppe munkar som var blitt hindra av kraftig regn frå å møta han, og bad dei sy ei drakt til éin av dei. Munkane blei oppløfta av samarbeidet og delinga.[2] Dagens kathinaklede blir gjevne ferdiglaga av nye tekstilar, men er framleis sydd saman av fjorten tøylappar.[1]

Eit buddhistkloster kan feira kathina i månaden etter den første fullmånen i den ellevte månaden. Dette er vanlegvis i oktober eller november. For å kunne halda ei feiring må klosteret ha hatt minst fem munkar buande under vassa. Munkar som har budd der i heile perioden kan få klede som gåve.

Den thailandske kongebåten «Anantanagaraj» under ei øving til båtprosesjonen i samband med kathina i 2007. Paviljonen midt på båten inneheldt dei kongelege kathina-gåvekleda.

Lokale skikkar[endre | endre wikiteksten]

I Thailand heiter kathina-seremonien thod kathin (thai ทอดกฐิน). Den seremonielle overleveringa av ein slik drakt frå kongen av Thailand eller ein kongeleg representant er ein viktig del av markeringa, og har ofte vore utgangspunt for ein kongeleg båtprosesjon.

I Kambodsja heiter feiringa kathina tean og kan markerast med samlingar der ein går i prosesjon rundt eit tempel.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A Primer on Kathina The Buddhist Channel, Nov 14, 2005
  2. Buddhist Kathina Ceremony av Jessica Mudditt i Desiblitz, November 18, 2008
  3. Entries (RSS) Vitou's personal records Kathina Tean 2008​

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kathina