Kati Wilhelm
Kati Wilhelm | |
![]() | |
Fødd | 2. august 1976 Schmalkalden |
Yrke | skiskyttar, sportskommentator |
Kati Wilhelm på Commons |
Kati Wilhelm (fødd 2. august 1976), eigentleg Katarina Wilhelm er ein tysk skiskyttar frå Schmalkalden i Thüringen i Tyskland. Ho er tre gonger olympisk meister, og ein gong verdsmeister i skiskyting.
Wilhelm gjorde sine første erfaringar i skiløypa i 1983 i Steinbach-Hallenberg. Som fjortenåring byrja ho på sportsgymnas i Oberhof, der ho tok abitur (tilsvarande artium) i 1995. Deretter vart ho skiløpar på heiltid, tilknytt den tyske hæren. I OL i Nagano i 1998 oppnådde ho ein femte plass med det tyske stafettlaget i langrenn. I 1999 skifta ho frå langrenn til skiskyting. I 2001 tok ho sitt første VM-gull på sprinten i Pokljuka. I OL i Salt Lake City i 2002 tok ho gull på sprint og stafett, og sølv på jaktstarten. Den beste sesongen hennar samanlagt so langt er 2004/05-sesongen, då ho vann tre verdscuprenn og kom på andreplass samanlagt. Ho var flaggberar for Tyskland under opningsseremonien til OL i Torino i 2006, og vann der jaktstarten.
Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 2. plass (2004/05)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull (sprinten, 2001), 2 sølv, 3 bronse
- Olympiske leikar:
- 3 gull (sprint og stafett 2002, jaktstart 2006), 3 sølv
- Verdscuprenn:
- 14 gull, 13 sølv, 6 bronse
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
.