Katie Boyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katie Boyle

Fødenamn Caterina Irene Elena Maria Imperiali di Francavilla
Statsborgarskap Storbritannia, Kongedømet Italia
Fødd 29. mai 1926
Firenze
Død

20. mars 2018 (91 år)
Manchester

Yrke skodespelar, programleiar, skribent, dyrerettsforkjempar, filmskodespelar, stemmerettsforkjempar
Språk engelsk, italiensk
Medlem av National Woman's Party
Far Demetrio Imperiali, Marchese di Francaville
Mor Dorothy Kate Ramsden
Ektefelle Peter Saunders, Richard Boyle, 9th Earl of Shannon, Greville Baylis, Peter Saunders
Katie Boyle på Commons

Caterina Irene Elena Maria Boyle, lady Saunders (fødd 29. mai 1926 i Firenze, død 20. mars 2018[1]), best kjend som Katie Boyle, var ein britisk skodespelar og TV-personlegdom. Ho deltok i ei rekkje tv-program i Storbritannia frå slutten av 1950-åra, og ho leia fire utgåver av Eurovision Song Contest – meir enn nokon andre.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Boyle blei fødd i Firenze i Italia, som dotter av ein italiensk marki og den engelske kona hans. Boyle drog til Storbritannia i 1946 og starta ein modellkarriere der ho blant anna gjorde oppdrag for Vogue. I 1950-åra spela ho også i filmar som Old Mother Riley, Headmistress (1950),[3] I'll Never Forget You (1951), Not Wanted on Voyage (1957), Intent to Kill (1958) og The Diary of Major Thompson (1955), filma i Frankrike av Preston Sturges.[4]

Mot slutten av 1950-åra byrja Boyle som kanalvert i BBC Television Service, og ho fekk raskt ein stor karriere innan britisk fjernsyn. Ho dukka opp som paneldeltakar i ulike underhaldingsprogram på BBC utover i 1960-åra.[5]

Boyle er også kjend for å ha vore programleiar for Eurovision Song Contest. Til saman leia ho fire internasjonale finalar: 1960 i London, 1963 i London, 1968 i London og 1974 i Brighton. I 1974 skal ho ha stilla på scena uten undertøy under satengkjolen. Det sterke studioljoset gjorde nemleg undertøyet synleg under kjolen, og ho droppa undertøyet kort tid før sending.[6] Boyle fekk kultstatus innan Eurovision-miljøet, og ho var æresgjest då BBC arrangerte Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 1947 gifta Boyle seg med earl Richard Bentinck Boyle. Ekteskapet blei løyst opp i 1955, men ho heldt på etternamnet. Same år gifta ho seg med løpshest-eigaren Greville Baylis, og dei var gift fram til han døydde i 1976. I 1976 gifta ho seg med teatermannen Peter Saunders som døydde i 2003.

I boka Queen Elizabeth II: A Woman Who Is Not Amused, hevda forfattar Nicholas Davies at Boyle hadde ein langvarig romanse med prins Philip i 1950-åra.[7] Boyle avviste sjølv påstandane: «Det er latterleg, berre oppspinn. Når noko står på trykk, trur folk på det. Du kan heller ikkje gå rettens veg, for det er å helle bensin på bålet, så du må berre godta at folk fortel løgnar om deg», sa ho i eit intervju i 2004.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision host Katie Boyle dies aged 91». BBC News (på engelsk). 20. mars 2018. Henta 22. mars 2018. 
  2. «Katie Boyle, iconic Eurovision Song Contest host, dies at 91 - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 22. mars 2018. 
  3. «Old Mother Riley». Picasaweb.google.co.uk. 20. august 2007. Henta 22. juli 2017. [daud lenkje]
  4. Boyle, Katie, What This Katie Did: An Autobiography. Littlehampton Book Services Ltd, 1. utgave (9. oktober 1980); ISBN 978-0-297-77814-1.
  5. Turow, J. (2010), Playing Doctor: Television, Storytelling, and Medical Power, University of Michigan Press, 978-0472034277, side 296.
  6. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, Storbritannia 2007; ISBN 978-1-84442-994-3
  7. Davies, Nicholas. Queen Elizabeth II: A Woman Who Is Not Amused. A Birch Lane Press Book; ISBN 1-55972-217-7
  8. Brandreth, Gyles (5. september 2004). «Portrait of a marriage». The Sunday Telegraph. Henta 22. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Katie Boyle