Mac and Katie Kissoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Katie Kissoon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mac and Katie Kissoon
Katie Kissoon 2.jpg
Katie Kissoon med Roger Waters 6. juni 2007 i Ottawa i Canada
OpphavTrinidad
Aktiv1970–
SjangerTyggegummipop, rock and roll
InstrumentVokal
Tilknytte artistarJames Last, Van Morrison, Eric Clapton, Elkie Brooks, Roger Waters, Elton John, Eros Ramazzotti, George Harrison, Pet Shop Boys, Robbie Williams
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Mac and Katie Kissoon var ein duo som bestod av syskena Mac Kissoon (fødd Gerald Farthing 11. november 1943 i Port of Spain i Trinidad) og Katie Kissoon (fødd Katherine Farthing, 11. mars 1951 i Port of Spain).

Mac and Katie Kissoon flytta til Storbritannia med familien i 1962. Katie byrja platekarrieren i 1965 då ho spelte inn fire singlar under namnet Peanut og var seinare medlem av The Rag Dolls, som gav ut ein singel i 1967 og ein til i 1968. Mac Kissoon var medlem av The Marionettes i 1966 og 1967, og fronta så sitt eige band. I 1969 spelte han inn solosingelen «Get Down With It - Satisfaction» som vart ein hit i Nederland med ein 29. plass på singellista der i 1970.

Mac and Katie Kissoon spelte i lag då dei spelte inn «Chirpy Chirpy Cheep Cheep» for den britiske marknaden. Songen kom ut i juli 1971, men medan Middle of the Road sin versjon gjekk til topps på den britiske singellista, stoppa Kissoon sin versjon på 41. plassen. Mac and Katie Kissoon fortsette å spele i lag og fekk etter kvart suksess i Europa, først med singelen «Freedom». Til slutt fekk dei òg suksess i Storbritannia i 1975 med «Sugar Candy Kisses», som nådde tredjeplassen på singellista.

I 1980-åra byrja Katie and Mac Kissoon å bli ettertrakta som korsongarar og studiomusikarar. Katie var medlem av James Last's Singers i 1980-pra og broren er framleis medlem der i dag. Katie Kissoon har vore korsongar for Van Morrison (1978 og seinare), Elkie Brooks (1982), Eric Clapton (1986 og seinare), Roger Waters (sidan 1984), Elton John (1985), Eros Ramazzotti (1990), George Harrison (1991), Pet Shop Boys (1994), George Michael (Unplugged on MTV 1996) og Robbie Williams (2000 og seinare).[1]

I 1997 gav Mac and Katie Kissoon ut albumet From Now On.[2]

I 2002 var Katie Kissoon på scenen under Concert for George. I 2006-2007 var ho korsongar for Roger WatersThe Dark Side of the Moon Live-turneen hans.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. HetNet site
  2. Pink Floyd Hyperbase
  3. Roger Waters 2008 mini-tour band - line-up change — BrainDamage.co.uk