Katja Ebstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Katja Ebstein
Eurovision Song Contest 1980 - Katja Ebstein.jpg
Eurovision Song Contest 1980
Verkeleg namn Karin Witkiewicz
Alias Katja Ebstein
Fødd 9. mars 1945
Girlachsdorf i Tyskland (no Gniewków i Polen)
Sjanger

Karin Witkiewicz (fødd 9. mars 1945 i Girlachsdorf), òg kjend som Katja Ebstein, er ein tysk songar. Ho var gift med Christian Bruhn som skreiv mange av songane hennar. Ifylgje boka til John Kennedy O'Connor, The Eurovision Song Contest - The Official History, er Ebstein den mest suksessfulle deltakaren i Eurovision Song Contest som ikkje har vunne. Ho er den einaste deltakaren som har enda mellom dei tre beste tre gonger; Fyrst på tredjeplass i 1970 og 1971 og så på andreplass i 1980.

Eurovision Song Contest 1970[endre | endre wikiteksten]

Ebstein vann den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1970 i Amsterdam i Nederland med songen «Wunder gibt es immer wieder». Songen starta som nummer elleve i finalen etter Monaco med «Marlène» av Dominique Dussault og før Irland med «All Kinds of Everything» av Dana. Bidraget fekk fire poeng frå Spania, tre poeng frå Luxembourg, to poeng frå Irland og eitt poeng frå Sveits, Italia og Monaco. Vest-Tyskland fekk til saman 12 poeng og enda på tredjeplass av totalt 12 bidrag.

Eurovision Song Contest 1971[endre | endre wikiteksten]

I 1971 vart ho valt internt til å representere Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest, denne gongen i Dublin i Irland med songen «Diese Welt». Songen, som vart valt i den nasjonale uttakinga Ein Lied für Dublin, starta som nummer fem i finalen etter Sveits med «Les illusions de nos vingt ans» av Peter, Sue & Marc og før Spania med «En un mundo nuevo» av Karina. Bidraget fekk åtte poeng frå Frankrike og Spania, sju poeng frå Monaco, Belgia, Portugal og Jugoslavia, seks poeng frå Austerrike, Sveits, Storbritannia, Italia og Sverige, fem poeng frå Malta, Irland, Nederland og Finland, fire poeng frå Noreg og to poeng frå Luxembourg. Vest-Tyskland fekk til saman 100 poeng og enda på tredjeplass av totalt 18 bidrag.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Òg i 1980 deltok Ebstein i den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest, som i 1980 vart arrangert i Haag i Nederland. Songen, «Theater», starta som nummer fem i finalen etter Noreg med «Sámiid Ædnan» av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta og før Storbritannia med «Love Enough for Two» av Prima Donna. Bidraget fekk tolv poeng frå Italia, Nederland og Spania, ti poeng frå Tyrkia, Marokko, Storbritannia og Frankrike, åtte poeng frå Austerrike og Portugal, sju poeng frå Danmark, Sveits, og Belgia, fem poeng frå Sverige og Irland, tre poeng frå Luxembourg og to poeng frå Finland. Vest-Tyskland fekk til saman 128 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!