Katrine Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katrine Lunde
Katrine Lunde Haraldsen 25.04.2009-1 small.jpg
Fødd 30. mars 1980
Kristiansand
Katrine Lunde på Commons

Katrine Lunde Haraldsen (fødd 30. mars 1980) er ei norsk handballmålvakt frå Kristiansand. Ho speler i for tida for Aalborg DH, men har tidlegare spelt for Hånes IF, KIF og Våg Vipers.

På det norske landslaget har ho spelt 66 kampar (pr. 2. oktober 2006), og ho var mellom anna med på å vinne gull i EM i Ungarn i 2004.

Tvillingsøstra hennar, Kristine Lunde, er òg handballspelar. Katrine er fødd 3 minutt før Kristine.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: U-VM i Kina - 7. plass.
  • 2002: EM-sølv
  • 02/03: Bronse i Gildeserien med Våg Vipers
  • 2003: VM i Kroatia - 6. plass.
  • 2004: EM-gull
  • 04/05: Sølv i Danmark
  • 04/05: Kåra til årets Aalborg DH-spelar
  • 05/06: Kåra til årets norske spelar + målvakt i sesongen
  • 05/06: Bronse i Danmark
  • 05/06: Kåra til årets Aalborg DH-spelar
  • 05/06: Semifinalen i Meisterligaen