Katrine Tjølsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katrine Tjølsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1993 (31 år)
Bergen
Yrke sjakkspelar
Far Arne Tjølsen

Katrine Tjølsen (fødd 28. januar 1993) er ein norsk sjakkspelar, kvinne-IM i sjakk (WIM), og såleis ein av dei beste kvinnelege sjakkspelarane Noreg har hatt. Ho har også vore ein av dei beste unge sjakkspelarane i Noreg uansett kjønn: Ho vann NM for kadettar (under 16 år) i 2007 og vart noregsmeister i sjakk for juniorar i 2010.

Noregsmeister i sjakk i kadettklassa, Junior-noregsmeister i sjakk og deltaking i eliteklassa[endre | endre wikiteksten]

Katrine Tjølsen var også ein av dei beste unge sjakkspelarane i Noreg uansett kjønn. Under Noregsmeisterskapen i sjakk på Hamar i 2007 vann ho kadettklassa (aldersklassa 14-16 år) berre 14 år gamal[1].

Og under Noregsmeisterskapen i sjakk i Fredrikstad i 2010 vann vart ho noregsmeister i sjakk for juniorar på overtydande vis. Ho leia frå start til mål, og fekk 7,5 poeng på 9 rundar, eit heilt poeng framom nestemann. Ho var dermed kvalifisert for øvste klasse i NM 2011, eliteklassa, og kamp om noregsmeistertittelen.[2] Ho var den andre norske kvinna som klarte å kvalifisere seg for eliteklassa, den første var Silje Bjerke.

Katrine Tjølsen blei første kvinnelege norske spelar som vann eit parti i eliteklassa då ho under NM i 2011 i Oslo vann i første runde, og då ho vann også neste parti leia ho overraskande eliteklassa åleine. Etter kvart var motstanden hardare: Ho var rangert lavest av dei 18 elitespelarane, men kom til slutt på 13.-plass med 4 poeng av 9 moglege, godt over forventa skår.

WIM-tittel[endre | endre wikiteksten]

Ho oppnådde i 2008 den internasjonale tittelen Kvinne-FM i sjakk (WFM), og klarte i starten av november 2009 også krava til Kvinne-IM i sjakk (WIM).

Under Benidorm Open i Spania i mai 2009 tok Katrine Tjølsen si første innteikning i tittelen Kvinne-IM i sjakk (WIM) med 6 poeng på 10 rundar og ein ratingprestasjon på 2250[3]. Ho tok den andre innteikninga i Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009.[4] Den tredje kom under junior-VM i sjakk i Argentina i oktober 2009. Der var 6 poeng etter 8 rundar mot sterke motstandarar nok til ei innteikning teljande som 9 rundar. Til slutt i junior-VM blei ho nr 9, med 8 poeng på 13 rundar, ein ratingprestasjon på 2279 og eit WIM-napp på 13 parti.

Katrine Tjølsen blei dermed den femte norske WIM. Ho hadde eigen FIDE-rating på 2194 pr 1. november 2009, så det gode resultatet i junior-VM medførte også at ho passerte kravet om eigen rating på over 2200 med god margin. Verdssjakkforbundet FIDE kom med den offisielle utnemninga i byrjinga av januar 2010.[5]

Deltaking for Noreg i sjakk-OL[endre | endre wikiteksten]

Ho deltok på fjerde bord for Noreg sitt kvinnelag under sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i 2008. Der gjorde ho eit godt resultat og tok 6 poeng av 9 moglege mot sterk motstand.[6] Ho spelte på førstebord for Noreg i Sjakk-OL 2010, med 3 poeng på 10 parti.

Katrine Tjølsen har spelt for Bergens Schakklub. Ho har ikkje spelt turneringssjakk etter mars 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Sjakkblad nr 4 - 2007 side 15
  2. Norsk sjakkblad nr 4 - 2010 side 10
  3. Norsk Sjakkblad nr 3 - 2009 side 22-24
  4. Norsk Sjakkblad nr 4 - 2009 side 18-19
  5. FIDE-titlar tildelt under presidental board 1-2010
  6. Katrine Tjølsen sitt resultat i sjakk-OL hos Olimpbase[daud lenkje]