Kattefotslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kattefotslekta
Antennaria racemosa 4844f.JPG
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Gnaphalieae
Slekt: Kattefotslekta Antennaria
Gaertn., 1791

Kattefotslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Desse er fleirårige ullhåra eller om lag snaue plantar med avlange utagga blad i rosett som kan danne tuver eller matter. Øvre delen av korgdekkblada er ei stiv blank hinne. Særskilde hannplantar og hoplantar. Fjellkattefot og grønkattefot har frøformeiring utan befruktning, og hannplantane er sjeldne.

Kattefot

Norske artar i kattefotslekta[endre | endre wikiteksten]

I Noreg veks fire artar:

  • Kattefot (Antennaria dioica)
  • Gaissakattefot (Antennaria nordhageniana)
  • Filtkattefot (Antennaria alpina)
    • Underart: Fjellkattefot (Antennaria alpina alpina)
    • Underart: Grønkattefot (Antennaria alpina porsildii)
  • Sølvkattefot (Antennaria villifera)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.