Katteliknande rovpattedyr
Katteliknande rovpattedyr | |
Frå øverst til venstre, med urviseren: fossa (gassiske snikekattar), leopard (kattefamilien), Urva vitticolla, utan norsk namn (mungofamilien), afrikasivett (snikekattfamilien), leopardmår (leopardmårfamilien), flekkhyene (hyenefamilien) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Laurasiatheria |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Katteliknande rovpattedyr Feliformia Kretzoi, 1945 |
Katteliknande rovpattedyr (Feliformia) er ein underorden innan ordenen rovpattedyr med omtrent 130 artar. Dei er systergruppa til hundeliknande rovpattedyr (Caniformia) og omfattar, i tillegg til kattefamilien (Felidae) som den største gruppa, fleire andre familiar.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Katteliknande rovpattedyr har vanlegvis kortare, men kraftigare hovudskallar enn hundeliknande rovpattedyr. Hjørnetennene er betre utvikla, og talet på jekslar er reduserte.
Historie og systematikk
[endre | endre wikiteksten]Blant dei katteliknande rovpattedyra kan ein spore slekta Pappictidopis frå Shanghuan-formasjonen i Kina, og dessutan slektene Pristinictis og Ravenictis funnet i Canada, allereie frå tidleg paleocen. Tilhøyrselen til dei katteliknande rovpattedyra blir her fastslått på grunnlag av reduksjonen i talet på jekslar til to.
Blant dei utdøydde katteliknande rovpattedyra, som ikkje blir rekna med i kattefamilien, finn vi spesielt falske sabeltannkattar og Barbourofelidae. Begge gruppene liknar på sabeltannkattar, sjølv om desse tilhøyrer kattefamilien. Dei eldste ekte kattane tilhøyrde den omtrent ozelot-store slekta Proailurus, som levde for rundt 30 millionar år sidan i oligocen og tidleg miocen i Europa.
Berre kattefamilien, falske sabeltannkattar, Barbourofelidae og hyenane (den no utdøydde slekta Chasmaporthetes) nådde det amerikanske kontinentet blant dei katteliknande rovpattedyra. Alle andre katteliknande rovpattedyr vart verande i «den gamle verda».
Systematikken for katteliknande rovpattedyr, og særleg klassifiseringa av enkelte grupper, har variert over tid. Ifølgje dagens forståing omfattar gruppa følgjande nolevande familiar:
- Leopardmår (Nandiniidae), éi slekt med éin art
- Kattedyr (Felidae), 13 slekter med 45 artar
- Linsangar (Prionodontidae), éi slekt med to artar
- Snikekattar (Viverridae), 14 slekter med 35 artar
- Hyenar (Hyaenidae), fire slekter med fire artar
- Mungofamilien (Herpestidae), 15 slekter med 34 artar
- Gassiske snikekattar (Eupleridae), sju slekter med ni artar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Katzenartige» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
- Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Band 1: Carnivores. Lynx Edicions, 2009, ISBN 978-84-96553-49-1.
- Don E. Wilson, D. M. Reeder: Mammal Species of the World. Johns Hopkins University Press, 2005, ISBN 0-8018-8221-4.
- Thomas S. Kemp: The Origin & Evolution of Mammals. Oxford University Press, Oxford 2005, ISBN 0-19-850761-5.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Feliformia hos Artsdatabanken
- (en) Feliformia – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Feliformia i Encyclopedia of Life
- (en) Feliformia hos Fauna Europaea
- (en) Feliformia hos Fossilworks
- (en) Feliformia hos ITIS
- (en) Feliformia hos NCBI
- (en) Kategori:Feliformia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Feliformia – detaljert informasjon på Wikispecies