Kattemaling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malande gepard

Nokre kattedyr lagar ein lyd som vert kalla kattemaling (også kalla purring eller spinning). Detaljane i lyden varierer frå katt til katt (i styrke, tone, osb), og mellom dei einskilde katterasane, men kan generelt skildrast som ei låg summing eller murring. Nokre kattar mel so høgt at heile kroppen vibrerer. Kattepurr ligg mellom 27 og 44 hertz.

Korleis kattedyra mel[endre | endre wikiteksten]

Når kattar mel sender hjernen rytmiske nervemeldingar til strupehovudet på katten; opp mot 25 meldingar i sekundet. Dette får stemmebanda til katten til å stramme seg og opne seg på annankvar nervemelding, og når stemmebanda er stramma kjem det praktisk tala ikkje noko luft gjennom strupehovudet. I kombinasjon med at katten pustar roleg og regelbunde oppstår det eit kort puff kvar gong stemmebanda vert stramma, og straumen av om lag 25 korte puff i sekundet dannar det vi kjenner som purrelyden.[1]

Kattar mel mellom anna når dei er små og dier.

Dei ulike kattedyra kan anten male eller brøle; det finst ingen kattedyr som kan gjere begge delar. I regelen kan små kattedyr berre male, medan store kattedyr berre kan brøle — men her finst det fleire unnatak; mellom anna geparden, som vert rekna som eit stort kattedyr, men likevel mel.[2] Ein har observert at tamkattar kan mala mestetida av livet, alt frå dei er nyfødde og drikk mjølk av mora.[3]

Historiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Kattemaling var lenge eit stort mysterium og tidlegare har fleire teoriar vorte framlagde. Mellom anna vart det lenge hevda at kattar hadde eit eige «maleorgan», men dette organet vart aldri funne. Ein annan av teoriane gjekk ut på at lyden oppstod som følgje av at blod vart pumpa gjennom hovudpulsåra på ein spesiell måte.

Kvifor kattedyr mel[endre | endre wikiteksten]

Det er framleis ikkje klårt kva som gjer at kattar mel. Mange huskattar mel når dei vert gjevne positiv merksemd (til dømes stryking) av menneske, noko som fører til at dei fleste reknar kattemaling som eit teikn på velvære. Men det er ikkje berre når kattedyr er nøgde at dei mel; dei kan òg male når dei er utrygge, nervøse eller kjenner smerte. Nokre teoriar går på at maling kan vere ein måte å «trøyste» eller roe seg sjølv ned på, eller eit uttrykk for at katten er underdanig. Innan andre teoriar vert det hevda at malinga er eit uttrykk for at katten ønskjer, treng eller får merksemd; det vere medkjensle eller medisinsk. Det vert òg hevda at maling reduserer smerte, fungerer lækjande og til og med at det styrker beinbygnaden til katten.

Hokattar er kjende for å male medan dei føder. I den situasjonen kan malinga fungere smertedempande og lækjande for den fødande katten, samstundes som det òg bind mor og kattunge saman. Ein reknar med at malinga fungerer som ein signaliseringsmekanisme som mora nyttar for å kalle på små og nyfødde kattungar for å pleie dei. Nyfødde kattar kan ikkje sjå, høyre eller lukte i særleg stor grad, men klarar truleg å kjenne vibrasjonane frå den malande mora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Santa Clara County Park[daud lenkje]
  2. African Wildlife Foundation
  3. McComb, Karen; Taylor, Anna M.; Wilson, Christian; Charlton, Benjamin D. (14. juli 2009). «The cry embedded within the purr». Current Biology 19 (13): R507–R508. ISSN 0960-9822. PMID 19602409. doi:10.1016/j.cub.2009.05.033. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]