Katterat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katterat
fjell
Land  Noreg
Kart
Katterat
68°24′00″N 17°58′00″E / 68.4°N 17.96667°E / 68.4; 17.96667

Katterat er eit fjell i Narvik kommune i Nordland. Fjellet er 838 moh. og ligg mellom Rombaksbotn og riksgrensa mot Sverige. Namnet er ei fornorsking av det nordsamiske Gátterčohkka.

Katteratgubben, 3 meter høg steinformasjon. Utsikt vestover frå Katterat Stasjon over Rombaksbotn.

Katterat stasjonOfotbanen ligg sørvest for fjellet, 373,5 moh. Stasjonen heitte Hundalen frå han vart opna i 1902 og fram til 1951. Katterat stasjon ligg mellom Kap Horn-tunnelen og Sørdalstunnelen. Stasjonsbygningen vart bygd i 1921.

Då Ofotbanen vart elektrifisert i 1923, vart ein av transformatorstasjonane lagt hit. To transformatorar på 24 tonn endra 80 Kilovolt til 16,2 Kilovolt. Bemanninga av transformatorstasjonen samt vedlikehald av linja, førte til at mange familier budde og arbeida på Katterat.

Under unionsoppløysinga låg norske styrkar detasjert her, og stillingar og ruinar etter brakkene er framleis synlege. Under krigen bygde tyskarane artilleristillingar mot Rombaksbotn her. Dei to stiane frå stasjonsområdet ned til busetnaden fekk namna Norskebakken og Tyskerbakken.

I dag ligg Katterat Fjellstove (ofte nytta som leirskule) og fem hus som no vert nytta som hytter ved stasjonen. Inntil drifta av banen vart fjernstyrt på 1960-talet, var det fast busetnad på staden. Stasjonsområdet hadde mellom anna barnehage og butikk. Busetnaden vart etablert etter at Ofotbanen vart elektrifisert i 1923, då Katterat fekk den eine av dei to transformatorstasjonane ved banen. Dei gamle bygga ved stasjonen er i dag freda. Eit nytt kryssingsspor for malmtog vart opna ved stasjonen i oktober 2002. Det er ikkje bilveg til Katterat stasjon, einaste tilkomst er med tog eller til fots. Ein anleggsveg går frå stasjonen til vasskraftstasjonen ved Sildvik. Staden er eit populært turområde, sidan to turstier startar på Katterat stasjon, nemleg Rallarvegen til Rombaksbotn/Bjørnfjell, og anleggsvegen sørover og opp Hundalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]