Kattostordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kattostordenen
Alcea setosa.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Kattostordenen Malvales
Bercht. & J.Presl, 1820

Kattostordenen (Malvales) er ein orden av ekte tofrøbladingar som i moderne botanikk blir plassert i Rosidae-gruppa kalla Eurosidae II. I APG III-systemet omfattar ordenen rundt 6000 planteartar i ni familiar. Av desse har kattostfamilien, solrosefamilien og tysbastfamilien artar som veks i Noreg.

Artane i ordenen er ganske ulike, med få fellestrekk. Plantane i ordenen er hovudsakleg buskar og tre. Dei er gjerne kjenneteikna av spiralstilte, tetthåra blad, som ofte er handnerva. Borken er ofte seig og full av fiber.

Dei fleste familiane har kosmopolitisk utbreiing i tropane og subtropisk klima, med avgrensa utbreiing i tempererte område. På Madagaskar veks tre endemiske familiar frå ordenen - Sphaerosepalaceae, Sarcolaenaceae og Diegodendraceae.

I kattostordenen finn ein balsatre (Ochroma), som er kjend for sin lette ved, og lind (Tilia), som blir brukt til treskjering. Ein bruker frukta frå kakaotreet til sjokolade og kakao, og kolanøtter frå Cola-slekta blei tidlegare brukt til å laga cola. Andre velkjende medlemmer av familien er baobab, bomull, hibiskus og okra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]