Kaukasushjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaukasushjort
Kaukasushjort
Kaukasushjort
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Stamme: Cervini
Slekt: Cervus
Art: Hjort C. elaphus
Underart: Kaukasushjort C. e. maral
Vitskapleg namn
Cervus elaphus maral

Kaukasusmaral eller maralhjort (Cervus elaphus maral) er den austlegaste underarten av hjort og lever i områda mellom Svartehavet og Kaspihavet i område som Krimhalvøya, Litleasia, Kaukasusfjella og nordvestre Iran. Ordet maral tyder 'hjort[eku]' på fleire sentralasiatiske språk, og blir også brukt om nokre typar wapiti (Cervus canadensis).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hjortane har kraftig kroppsbygnad og mørk gråleg vinterpels og raudleten sommarpels. Dei har ein lysegul flekk på baken og mørkebrune eller svarte lår, skuldrer og underside. Bukkar brøler som europeiske hjortar, men har store, femtakka gevir av same storleik som det til austasiatisk/nordamerikansk wapiti. Maralane liknar òg på wapiti gjennom den store flekken på baken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]