Kaupangen i Skiringssal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartmodell av Kaupangen i Skiringssal i Vestfold.

Skiringssal-kaupangen, oftast kalla berre Kaupang, var ein handelsplass, ein kaupang, som låg ved Kaupangkilen i Viksfjord fem kilometer utanfor noverande Larvik sentrum. Hamnebyen låg godt verna bak Lamøya, og ligg i tidlegare Tjølling kommune. Skiringssal-kaupangen er rekna som den første byen i Noreg. Ein går ut frå at det kan ha budd 400–600 menneske der på 800-talet.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Ottar frå Hålogaland si ferd langs norskekysten på 880-talet. Ottar var innom blant anna Skiringssal og Hedeby, før han kom til Alfred av England i London der han fortalde om reisa.

I Ynglingesoga i Heimskringlas finst eit hint om ei geografisk deling av Vestfold, som før rikssamlinga var eit eige kongedømme. Det skulle bestå av Borre i nord og Skiringssal i sør. Borre kjende ein godt, og like så gravhaugane ved kyrkjestaden. For dei gamle polyhistorane var likevel Skiringssal eit mysterium. Det blei lagt fram mange forslag, blant anna av Gerhard Schøning. Han trekte fram at Skiringssal må ha vore eit viktig stad med kongesete og «tempel», men han greidde ikkje å stadfesta det. I 1802 kopla den svenske historikaren Jakob Frederik Neikter Skiringssal i sogene til Ottar-soga som blei skriven ned i England ca. 900. Han nemnar nemleg ein stad kalla Sciringes heal. Uavhengig av Neikter kom Nikolai Grundtvig til same konklusjon nesten 20 år seinare. Men i 1815 konkluderte Rasmus Rask at Sciringes heal måtte vera identisk med Konghelle i Bohuslän. Då Rask seinare blei kjend med synet ti Neikter, sa han seg samd i at Sciringes heal utan tvil var identisk med Skiringssal. Men allereie i 1800 antydde Henric Gabriel Porthan at Sciringes heal kanskje måtte søkjast i Kristiansands stift. Seinare er dette spørsmålet teke opp av Alvar Ellegård, Einar Gunnar Birgisson og Kjell-Olav Masdalen. I dag kan det ikkje sjåast på som vitskapleg dokumentert at Sciringes heal var identisk med Skiringssal.

I 1822 kom likevel Jens Kraft over to gamle dokument frå 1400-talet; det eine oppfører at garden Guri i Tjølling er sagt å liggja i Skirikx Saal, det andre var ei oppteikning over gods tilhøyrande Tønsbergs Hospital, der ei mengd gardar i Tjølling ligg i Skirisall. Det er òg Kraft som for første gong fatta interesse for gardsnamnet Kaupang, og meinte at det må ha lege ein handelsplass ein stad innanfor grensene til namnegarden.

Den første som vitja Kaupang og såg det med eit historisk blikket var Gerhard Munthe. Han la merke til dei store gravfelta på staden, og kopla dei til ein mogleg marknadsplass nettopp ved Kaupangkilen. På midten av 1830-talet var malaren Johannes Flintoe på Kaupang og tok skisser som han seinare laga eit særs fantasifullt bilete av staden i vikingtida etter. I 1845 kom målaren Christian Zeuthen til staden på initiativ av historikaren Christian Lange. Han laga fleire skisser av fortidsminna på Kaupang, mellom dei ei kartskisse. I 1850 skreiv historikaren Peter Andreas Munch ein lengre artikkel der han oppsummerte diskusjonane om Skiringssal og den moglege handelsstaden ved Kaupang. Han foreslo òg at dei mange gravhaugane på staden burde gravast ut.

Arkeologane kjem til[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå gravfeltet på Bikjholberget utover Kaupangkilen. Det grøne jordet til høgre utgjer noko av busetjingsområdet.
Gravfeltet på Bikjholberget. Midt på biletet eit gravkammer som har lege i sentrum av ein liten gravhaug.

Nicolay Nicolaysen tok han på ordet. I 1866 hadde Stortinget sett av ei årleg løyving til arkeologiske undersøkingar. Sommaren 1867 grov han ut 71 av dei 115 gravhaugane på Kaupang og tre på nabogarden Søre Huseby. Sett med samtidige auge var undersøkingane ei skuffing, ettersom det ikkje blei funne store og innhaldsrike gravleggingar.

I 1902 tok Gustav Storm opp problemstillingane kring Skiringssal/Kaupang, og dette kan ha eggja Gabriel Gustafson til nye utgravingar på Kaupang. Her grov han ut tre eller fire mindre gravhaugar på Lamøya austom Kaupangkilen. Men han gjekk ikkje vidare med undersøkingar her, sannsynlegvis fordi han vart oppteken med Osebergfunnet ei årrekkje framover. Deretter skulle det gå mange år før det var nokon arkeologisk aktivitet på staden.

Historikarane heldt likevel fram å diskutera. Sjølv om ein strengt tatt ikkje hadde funne noko konkret bevis for at det hadde lege nokon handelsstad på Kaupang, byrja ein no å ta det for gitt. Halvdan Koht byrja i 1921 å diskutera kva som skjedde med handelsverksemda i området etter at Kaupang var blitt nedlagd. Han meinte at det var blitt flytta til Sem utanfor Tønsberg.

Undersøkingar av Charlotte Blindheim[endre | endre wikiteksten]

Dei første funna[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen var det søskenparet Astri og Hans Christian Jahnsen som dreiv Nordre Kaupang gard. Dei hadde eit ope auge for kulturminna på garden, og dei tok stadig vare på gjenstandar som kom fram ved jordarbeidet. I 1947 fekk dei bruk for ein stad å lagra turnips for vinteren, og dei grov ei grop på høgdedraget Bikjholberget, like søraust for tunet. Her kom det fram fleire gjenstandar som låg tett saman, blant anna fem bronsespenner og eit sverd. Dette blei sendt inn til Universitetets Oldsaksamling.

To år seinare grov dei ein ny grøft, ikkje langt unna, og fann ei mannsgrav med fullt våpensett og naglar etter ein båt. Då drog Bjørn Hougen, den dåverande understyraren ved Oldsaksamlingen, på synfaring til Kaupang. Han kunne berre konstatera at syskena Jahnsen hadde teke opp det som var av gjenstandar, gav dei løyve til å grava vidare og vende tilbake til Oslo. Det varte likevel ikkje lenge før det kom fram fleire gjenstandar. Hougen sende då konservator Charlotte Blindheim for å ettergrava funnstadane. Ho kunne konstatera at det dreidde seg om ei kvinnegrav frå vikingtida, og ho reinska og ettergrov funnstaden. I løpet av dette arbeidet kom ho over ei tredje grav som viste seg å vera den langt rikaste av dei tre. Blindheim vende attende til Oldsaksamlingen med funna, og det blei avgjort at det måtte gravast meir på Bikjholberget. Dette skulle bli byrjinga på eit mangeårig utgravingsprogram.

Utgravingane på Bikjholberget[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet byrja våren 1950, og det heldt fram kvar sommar fram til 1957. Då hadde Blindheim og assistentane hennar avdekt i alt 540 m² og funne 74 graver, dei aller fleste av dei låg under flat mark utan nokon haug eller anna markering på overflata. Likevel meiner Frans-Arne Stylegar at det enno kan liggja eit åttitals graver i område som Blindheim ikkje har dekt. Dateringa av graven er ifølgje Blindheim i perioden 760 til 940.

Bikjholberget er i dag den staden som vitjande bllir slusa fram til. Her er der godt oversyn over terrenget, og det er sett opp informasjonstavle og eit plastisk kart over gravfelta og busetjingsområdet.

Busetjingsområdet[endre | endre wikiteksten]

I analysen sin av gravskikken på Bikjholberget peika Blindheim på eit par trekk som avveik frå det generelle biletet av Vestfold i vikingtida. Tolkinga henne er at dette er graver for ein folkesetnad som har vore busett i ein annan kontekst enn bondefolkesetnaden, og at dei har drive hovudsakleg innan ein tradisjon basert på handel og handverk. Spørsmålet blei då kor dei hadde budd.

I løpet av utgravingane hadde Blindheim gjort seg godt kjent i området. Ho la merke til at det austvendte jordet vest for Bikjholberget hadde påfallande mørkt jordsmonn. Kunne det vera same fenomen som på Birka, der busetjingsområdet allereie frå gammalt av var kjent som «Svarta Jorden»? Sommaren 1956 opna ho dei første små prøvesjaktene, og sommaren etter blei heile verksemda lagt over til å flategrave eit mindre felt.

Utgravingane føregjekk fram til 1967, og blei supplerte med eit mindre felt som blei grave i 1974. Totalt blei 1,4 da blottlagt, og avslørte fem komplette bygningar og delar av ein sjette, to brygger med tilhøyrande gangvegar og seks brønnar og groper. Ein av bygningane blei tolka som ein heilårsbustad, dei andre som verkstader og lager.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med Kaupangmaterialen tok lang tid. Grunnen var hovudsakleg at Blindheim måtte kombinera arbeidet som fylkesansvarleg konservator for Vestfold med forskingsarbeidet. Gradvis kom ho og medarbeidarane hennar fram til eit heilskapleg bilete av Kaupang, og ikkje minst omlandet. Ein førebels presentasjon av utgravingane blei gjeven ut i Viking i 1969, men den fullstendige publikasjonen fanst ikkje fullt før i 1999.

Blindheim sin hypotese var at Kaupang kom opp som handelsstad rundt 800, at busetjinga var nokoleis stabil fram til ho gjekk gradvis ned gjennom 900-talet, og at verksemda blei overført til Tønsberg. Ho fall altså ned på same konklusjon som Koht, men med den skilnaden at Blindheim gjorde det på basis av konkrete funn.

Handelsstaden voks fram med bakgrunn i ei lokal kongemakt, truleg for heile Vestfold, som hadde økonomiske og strategiske interesser der. Denne kongemakta koplar Blindheim opp mot Ynglingeætta, og forklarer funn av austleg opphav med deira kontaktar mot Sverige. Nabogarden nord for Kaupang heiter Huseby, og Blindheim meiner m.a. med bakgrunn i historikaren Asgaut Steinnes sine teoriar at dette er konggarden. Vidare, i tråd med Steinnes, går ho ut frå at namnet Huseby er av relativt ny dato, og at det er denne garden som er den eigenlege Skiringssal.

Det er verd å merka seg at ein av medarbeidarane til Blindheim var usamd med henne på eit punkt. Ellen Karine Hougen, som arbeidde med glas- og keramikkfunna frå Kaupang, hadde ei avvikande oppfatting om dei politiske høva. Ho såg Vestfold som ein del av dansk overherredøme. På den bakgrunnen ville framvoksteren av handelsstaden vera eit resultat av dansk påtrykk, og må sjåast som ein integrert del av bydanningane i Sør-Skandinavia.

Charlotte Blindheim heldt fram arbeidet med Kaupang òg etter at ho formelt hadde gått av med pensjon. Men i 1997 var publikasjonen nær komplett, og ho overlét ansvaret til Dagfinn Skre. Då var det gått 23 år sidan siste spadetak på Kaupang.

Nye undersøkingar på Kaupang[endre | endre wikiteksten]

Reiskapar og avfall frå Kaupang. Biletet viser smeltediglar, barre av messing, barre av bly, blyklumpar og støypeform i kleber. Foto: Kulturhistorisk museum.

Då Skre overtok leiinga av Kaupang-undersøkinga, gjorde han opp forskingsstatus. Sidan Blindheim sine utgravingar 1950-73 var det gjort fleire viktige undersøkingar av tidlege bydanningar i heile Norden, m.a. i Ribe og Birka. Store mengder material var kome til, mykje var blitt publisert, og feltmetodane var blitt betre utvikla. Dei problemstillingane som forskarar arbeidde med rundt 2000 kunne ikkje svarast på ut frå Blindheim sine undersøkingar. Det blei klart at det var behov for nye undersøkingar i svartjordområdet på Kaupang.

Skre sette opp fem punkt som skulle belysast gjennom utgravinger i svartjordområdet i Kaupang-undersøkinga:

  • Karakteren til busetjinga – fast eller sesongmessig
  • Strukturen i busetjinga
  • Bygningstypar
  • Aktivitetsområde for ulikt handverk og andre gjeremål
  • Datering av busetjinga og moglege variasjonar i aktivitetar over tid

Utgravning av busetjingsområdet[endre | endre wikiteksten]

Registreringsfasen[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg at ein før sjølve utgravinga undersøkjer området som skal gravast ut. Det gjev seg sjølv at ein såg for seg eit langt og komplisert feltarbeid, og la mykje vekt på den innleiande fasen. Arbeidet byrja med å gå over heile busetjingsområdet og leita etter lausfunn i overflata av dyrka mark visuelt (såkalla field-walking), og med metalldetektor. I tillegg nytta ein òg magnetometer for å finna anomaliar i jordsmonnet. Dette viste seg problematisk sidan deler av berggrunnen på staden er naturleg magnetisk. Ein brukte òg georadar (Ground Penetrating Radar; GPR) og fann anomaliar som kunne vera menneskeskapte. For å sjekka djupna av jordsmonnet over undergrunnen vart det stukke systematisk med jordbor. Resultata frå registreringsfasen blei brukte for å planleggja sjølve utgravinga.

Utgravingsfasen[endre | endre wikiteksten]

Sjølve utgravingane byrja allereie i 1999, først med sjakting i forkant av anlegg av gang- og sykkelveg og vannledning. Dette fann stad som ei ordinær forvaltingsgraving, men i regi av prosjektet. Gravingane innanfor sjølve forskingsprosjektet gjekk over tre feltsesongar frå 2000 til 2002. I 2003 blei det gjort ei avgrensa undersøking i hamneområdet frå vikingtida.

Funna[endre | endre wikiteksten]

Gjenstandsmaterialet speglar eit vidt spekter av handverk, handel og hushaldsavfall. Bevaringsforholda for bein, gevir og metall var generelt dårlege. Likevel kunne ein samanlikna desse materiala med det som er kjent frå til dømes Ribe, Hedeby og Birka. Handel og handverk lèt seg etterspora gjennom levetida til heile Kaupang.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Det vanlege Kaupanghuset var relativt lite, med to par takberande stolpar, sentral eldstad og jordgolv. Nokre av bygningane har eit fråskilt rom i den eine enden. Inngangane er stort sett i gavlane, som vende mot sjøen. Nokre av bygningane har slåande likskap med hus som er funne i den norrøne busetjinga i Dublin. Brønnane er bygde på ulike måtar, med avstiving av flettverk, men òg med lafta plank. Dette er nokre av dei aller tidlegaste døma på lafting som er funne i Noreg. Brygga var truleg bygd av tømmer og plank. Det Blindheim tolka som steinbrygger var truleg steinsette gangvegar over den leirete fjøra.

Konklusjon[endre | endre wikiteksten]

Utgravingane stadfesta at Kaupang blei etablert rundt år 800, på eit område der det ikkje hadde vore ei slik busetjing tidlegare. Busetjingsområdet strekkjer seg langs dåtidas strandlinje, som låg ca. 3,5 m over dagens. På det største var busetjinga 750 m lang og breidda varierte mellom 20 og 90 m. I alt dekte ho ca. 54 da. Dei sentrale delane var organiserte i parsellar. Dei meir perifere var lausare organiserte, og verker ha hatt annan funksjon enn dei sentrale. Kanskje var dei i bruk berre periodevis eller i sesongar. Dei nordlegaste delane av området blei ein gong i siste halvdel av 800-talet, eller i byrjinga av 900-talet, lagt ut til gravplass.

Kaupang var i bruk fram til kring 930. Då opphøyrde aktiviteten, tydelegvis ganske raskt, men det ser ut til å ha vore ei viss verksemd rundt 950-70-åra. Området voks deretter til med skog. Mot slutten av mellomalderen blei størsteparten av staden dyrka opp.

Skiringssalen (?) på Huseby[endre | endre wikiteksten]

Som nemnd ovanfor har forskarar i mange år bite seg merke i at nabogarden til Kaupang heiter Huseby. Namnet deler han med 53 andre gardar i Noreg, og endå fleire i Sverige og Danmark. Stort sett har dei til felles at dei er større enn gjennomsnittet, og ligg sentralt i bygda. Historiske kjelder viser at dei påfallande ofte spelar ei viss rolle i tilhøve til det tidlege kongedømet.

Namnet tyder «garden med mange og/eller store hus», og etymologisk sett er ordet relativt nytt. Ein er samd om at desse gardane opphavleg har hatt eit anna namn, og at dei har fått namnet Huseby i det dei får ei ny rolle gjennom det nye rikskongedømet.

Filologen Kåre Hoel føreslo i 1986 at det eigentlege namnet til Huseby var Skiringssal, 'lysande eller skinnande sal'. Prosjektleiaren for Kaupang-undersøkinga 1998-2003, Dagfinn Skre, valde tidleg å undersøkja terrenget nærare også på Huseby. Under dei innleiande registreringane våren 1999 kom eit av registreringslaga over ein stor, planert flate på toppen av Husebyhaugen, like ved tunet på garden. Denne var 36 m lang og opp til 13 m brei, orientert grovt sett nord-sør. Flata blei identifisert som ein mogleg husterrasse. Slike finst det ein del av i Sverige, blant anna på Helgö, ved Gamla Uppsala og på Hovgården ved Birka, men hittil hadde dei vore ukjende i Noreg.

Fjellplatået der spora etter hallbygningen blei funne.

For å forsikre seg om at dette verkeleg var eit kulturminne, blei det same sommar gjort ei prøvegraving. Funn av skjørbrent stein og brunnen leire indikerte at det verkeleg kunne vera spor av ein bygning frå jernalderen. Sommaren 2000 blei plattforma graven ut, og resultata var oppsiktsvekkande.

Ein gong på 3-400-talet blei det bygd ein gravhaug på staden. I siste halvdelen av 700-talet blei denne haugen delvis utplanert og danna delar av husterrassen. Her blei det reist ein stor hallbygning som må ha stått der gjennom heile 800-talet. Seinare, kanskje på 1000-talet, blei det reist ein stor laftebygning her. Sjølve hallen var det no lite igjen av, men på basis av dei stolpehola som var verna, og av steinfundamenta langs veggene meinte ein å konstatera at hallen var maksimalt 11,5 m brei og kring 35 m lang. Slike hallbygningar blei berre bygde for og av det øvste aristokratiet; ein verkeleg kongeleg bygning. Frå Husebyhaugen er den direkte sikta sørover mot busetnaden på Kaupang, og vidare ut Kaupangkilen. Bygningen må ha verke særs kraftig i det lettkuperte landskapet. Det verkar nærliggande å tru at dette kanskje verkeleg er Skiringssalen.

Nedlegginga Kaupang[endre | endre wikiteksten]

Blindheim si forklaring på at Kaupang blei nedlagt var at landheving og gjenslamming gjorde hamna i Kaupangkilen ubrukande, og at verksemda difor måtte flyttast.

Dagfinn Skre ser heller historiske og politiske grunner til nedlegginga. Etter ein lengre gjennomgang av sagalitteraturen, både ut frå eiga lesing og tolkingane ved historikaren Claus Krag, konkluderte Skre med at Vestfold i merovingartida var under dansk overherredøme (dette inneber at dei lokale makthavarane hadde gått i forbund med danekongen og anerkjend han som overordna; ikkje at vestfoldingane var etnisk danske.) Det var difor på dansk initiativ at Kaupang blei grunnlagd i åra rundt 800. Dette overherredømet ser ut til å gå tilbake i løpet av første halvdel av 900-talet. Dette igjen må vera ein viktig grunn til at verksemda på Kaupang forsvann gradvis, og heilt kring 950. Når det danske kongedømmet, særleg under kong Harald Blåtann, igjen vann terreng, ville danskane igjen opna handelsstadar i Noreg, men denne gongen ikkje ved Kaupang. Mot slutten av 900-talet ser ein nemleg sakte, men sikkert oppkomst av byar i Skien og i Oslo, men denne gongen bydanningar av ein annan og meir regulert art enn det ein ser i Kaupang. Dette er byar som er anlagt ved direkte kongeleg initiativ.

Dagens Kaupang[endre | endre wikiteksten]

Landhevinga etter vikingtida har gjort at busetjingsområdet no ligg eit stykke frå vasskanten. På området har vernestyresmaktene gjeve forbod mot fulldyrking. Det blir difor dyrka gras, og store område er lagt ut som beitemark for sauer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dagfinn Skre (red): Kaupang in Skiringssal. Kaupang Excavation Project Publication Series, Vol. 1. Norske Oldfunn XXII, Oslo 2007 ISBN 978-87-7934-259-0