Kaupanger stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°11′3″N 7°14′0″E

Kaupanger stavkyrkje
Kaupanger stavkirke.jpg

Foto: Sean Hayford O'Leary

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Indre Sogn
Fellesråd:  Sogndal
Sokn:  Kaupanger
Innvigd:  Ukjend
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Commons-logo.svg
Kaupanger stavkyrkje på Commons

Kaupanger stavkyrkje, som ligg i bygda Kaupanger i Sogndal kommune, er den største stavkyrkja i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja er ei langkyrkje med heva midtrom og vart bygd kring 1140. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje i Kaupanger sokn i Indre Sogn prosti og er eigd av soknet.

Kaupanger stavkyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kaupanger stavkyrkje
Kyrkja sett frå sida
Foto: Nina Aldin Thune
Foto: Nina Aldin Thune

Ho står på leivningane etter noko som kan ha vore to tidlegare stolpekyrkjer på staden.

Historia til den noverande kyrkja har vorte knytt til kampen mellom Kong Magnus og Kong Sverre. Under leiinga av bonden Arntor frå Kvåle, hadde bønder frå distriktet teke livet av sysselmannen Ivar Dape og fleire andre av Sverre sine menn under eit gilde julafta 1183. Som hemn brende Sverre «Lusakaupang» i 1184.

Ein har tidlegare rekna med at det øvste av brannlaga under dagens kyrkje stammar frå denne brannen, og bygginga av stavkyrkja har difor gjerne vorte tidfest til tida rundt 1190. Myntfunn under brannlaga stadfestar at den har vorte bygd etter 1130, men det eksakte årstalet har vore noko uvisst.

Fortidsminneforeininga, som har driftsansvaret for kyrkja, avdekte i 2005 at materiale til delar av kyrkja var hogge i 1137. Det er soleis mest sansynleg at kyrkja er om lag 50 år eldre enn ein tidlegare har meint. Byggjeåret for noverande kyrkje - forutan forlenginga som skjedde noko seinare - er mest truleg omkring 1140.

Det har skjedd fleire ombyggingingar sidan kyrkja vart reist. I mellomalderen vart ho bygd lengre, og ho er i dag den lengste av stavkyrkjene i landet. Sett vekk frå takstolen, stammar størstedelen av den berande konstruksjonen frå denne ombygginga. Til saman omfattar dette 22 stavar: Åtte stavar på langsidene, tre på kortsidene og fire i koret.

1600-talet vart det gjort fleire ombyggingar. Kyrkja fekk vindauge, våpenhus og kyrkjetårn, og ein svalgang rundt kyrkja vart riven. Om lag på same tid vart veggane dekorerte med med ei frise av ein salme, teikna i dåtidas notar - neumar. Preikestolen og alteret som står i dagens kyrkje vart gjeve til kyrkja av futen Gjøde Pedersen på byrjinga av 1600-talet. Også døypefonten er frå denne tida.

Kyrkja vart modernisert i 1862. Då vart ho måla kvit utanpå og kremgul inni, og nye vindauge vart sett inn. I 1960-åra (1959–1965) vart ho ført tilbake til ein utsjånad som stort sett samsvarar med 1600-talskyrkja.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anker, Leif: Middelalder i tre, Stavkirker. (Kirker i Norge; 4), Oslo 2005. ISBN 82-91399-16-6
  • Bugge, Gunnar & Mezzanotte, Bernadino: Stavkirker, Oslo 1994, s. 45. ISBN 82-504-2072-1
  • Dietrichson, L.: De norske Stavkirker, Kristiania 1892.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]