Kaura fyrstasjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
![]() Kaura fyrstasjon Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren | |
Fylke | Trøndelag |
---|---|
Kommune | Hitra |
Funksjon | Leifyr |
Oppretta | 1931 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 22,0 |
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | To blink kvart 10. sekund |
Lyshøgd | 30,0 moh |
Lysvidde | 11,1 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1959 |
Avfolka | 1959 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
Kaura fyrstasjon er eit leifyr som ligg på ein holme ved innlaupet til Brandsfjorden i Kaurleia i Roan kommune i Trøndelag fylke.
Fyret står i samanheng med Vingleia og Asenvågøy fyrstasjon. Fyrtårnet er eit 22 m høgt støypejarnstårn med steinsokkel. Rett ved tårnet ligg eit betongnaust med støypt bru ut til landinga. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk.
Kaura fyrstasjon vart bygd i 1931 som det nest siste manna fyret i Noreg. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1959. I bustaddelen er mange av dei originale detaljane intakt.
Fyrstasjonen er i dag eigd av Staten ved Kystdirektoratet og er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 428» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kaura fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kaura fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren