Kavaratti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kavaratti
øy
Land  India
Del av Laccadive Islands
Areal 4,22 km²
Folketal 11 322  (2009)
Folketettleik 2 683 / km²
Språk Malayalam
Tidssone IST (UTC+5:30)
Kart
Kavaratti
10°34′00″N 72°38′20″E / 10.566666666667°N 72.638888888889°E / 10.566666666667; 72.638888888889
Satellittbilde av Lakkadivane med Kavaratti sentralt i sør.
Satellittbilde av Lakkadivane med Kavaratti sentralt i sør.
Satellittbilde av Lakkadivane med Kavaratti sentralt i sør.
Wikimedia Commons: Kavaratti
Nettstad: lakshadweep.nic.in

Kavaratti (malayalam കവരത്തി, mahl ކަވަރައްދޫ er den tredje største øya og hovudstaden i det indiske forbundsterritoriet Lakkadivane (Lakshadweep) i Arabiahavet.

Av dei 10 113 innbyggjarane som budde på øya under folketeljinga i 2001 var 55 % menn og 45 % kvinner. Lesekunnenivået låg på 78 %, mykje høgare enn landsgjennomsnittet på 59,5 %. Lesekunnenivået var 83 % blant menn og 72 % blant kvinner. 12 % av innbyggjarane var mindre enn seks år gamle.[1] Nesten alle innbyggjarane på Kavaratti er muslimar – på den vesle øya finst heile 52 moskear.

Det første lågtemperaturs avsaltingsanlegget i India opna i Kavaratti i mai 2005. Anlegget, som kosta 50 millionar rupi, var forventa å kunna produsera 100 000 liter ferskvatn per dag.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]