Kavl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kavl av glas frå 1950-åra.

Ein kavl eller ei fløyt er noko som blir nytta til å halde fiskereiskap flytande og i rett stilling i sjøen. Kavlar er mest vanleg på garn og nøter.

Kavlar kan vere laga av tre, never, bork, glas, kork eller ulike typar plast.

Dersom kavlane er av glas er det som regel ei innhol glasskule, men dei kan òg vere avlange. Glaskavlar er oftast merka slik at ein kan identifisere glasverket som har laga kavlane.

Fram til rundt 1860 var trekavl det vanlege, men vart så avløyst av glaskavl. Glaskavlane vart produsert til utpå 1950-talet, seinare vart plastkavlar det vanlege.

Trekavlar kunne vere laga av einer eller tettvakse gran. På grunn av at tre trekte vatn, måtte ein ta av kavlane kvar gong ein trekte garnet og tørke dei før dei kunne nyttast om att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]