Kavleveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kavleveg i Australia under regntida i 1990.
Kavleveg frå 1800-talet i Dalarna i Sverige

Kavlebru eller kavleveg er ein veg eller sti over myrer eller andre blaute område som er forsterka med kavlar, det vil seia runde eller kløyvde stokkar, som er lagt tett i tett inntil kvarandre, vanlegvis på tvers av ferdselsretninga. Stokkane fordelar belastninga av dei som bruker vegen, og hindrer at dei synker nedi myra. Kavlebru kan brukast som underlag for anna materiale. Om kavlane ligg i eit vått, surt og oksygenfattig miljø, som myrer er, rotner dei svært sakte og kan halda seg i mange år. Ei kavlebru frå mellomalderen finst på Norsk vegmuseum.

Kavlebruer blei brukt i stort omfang under den amerikanske borgarkrigen, mellom anna i sumpområda ved Mississippi under Vicksburgfelttoget og under William Tecumseh Sherman sin marsj gjennom Carolina på slutten av krigen.[1] Under andre verdskrigen blei det brukt kavlebruer, mellom anna på austfronten, av både tyske og sovjetiske styrkar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grant, Ulysses, Personal Memoirs of U. S. Grant, (c) 1885: Chapter 62
  2. Military Improvisations During the Russian Campaign Arkivert 2013-03-03 ved Wayback Machine., Chap 5, Center of Military History, US Army
Litteratur

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kavleveg