Kavli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kavli
Org.formAksjeselskap
Org.nr.913344162
Skipa30. april 1893
MorselskapKavlifondet
LandNoreg
Grunnleggjar(ar)Olav Kavli
Nettstadhttp://www.kavli.no/

Kavli er eit norsk konsern innan produksjon og marknadsføring av næringsmiddel med «Kavli» som overordna merkevarenemning. Verksemda vart etablert i 1893 av Olav Kavli.

Kavli har i dag produksjon i Noreg, Sverige, Danmark og Storbritannia. Til konsernet høyrer blant anna Q-meieriene som foredlar og marknadsfører meieriprodukt under varemerket «Q» og Vestfold Flatbrødfabrik med «Korni». «Primula» er eit anna av varemerka til verksemda, registrert i 1924 då den første smørbare osten vart lansert.

Kavli Holding[endre | endre wikiteksten]

Kavli Holding AS har hovudkontor i Bergen, og er heileigd av Kavlifondet (O. Kavli og Knut Kavlis Almennyttige Fond), som vart oppretta i 1962 av Knut Kavli, Olav Kavlis son.

Hovudkontor[endre | endre wikiteksten]

  • 1918–1934: Kavligården i Rosenberggaten / Lodin Lepps gate i Bergen sentrum
  • 1934-1982: Kavlifabrikken i Damsgårdsveien ved Damsgårdssundet i Bergen
  • 1982–d.d.: Kavlibygget på Midtun

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]