Kaw-Liga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaw-Liga
av Hank Williams
frå albumet The Memorial Album
B-side

Your Cheatin' Heart

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1953
Innspelt September 1952
Sjanger Country
Lengd 2:34
Komponist Fred Rose, Hank Williams
Tekstforfattar Fred Rose, Hank Williams
Låtskrivar(ar) Hank Williams og Fred Rose
Hank Williams-kronologi 
«You Win Again»
(1952)
Kaw-Liga «Take These Chains from My Heart»
(1953)


«Kaw-Liga» er ein countrysong skriven av Hank Williams og Fred Rose. Akkompagnert av Drifting Cowboys spelte Hank Williams inn songen i Nashville i september 1952 og singelen vart gjeve ut posthumt i januar 1953 på MGM Records. Han vart først gjeven ut av Champ Butler. Songen låg på toppen av Billboard Country-lista i 14 veker. B-sida, «Your Cheatin' Heart, låg seks veker på toppen av country-lista.[1] Kawliga er ein stad sentralt i Alabama ved Lake Martin. Han er kalla opp etter ein legendarisk indianarar som det står ein trestatue av nær innsjøen. Songen vart skriven av Williams då oppheldt seg i ei hytte her.

Song[endre | endre wikiteksten]

«Kaw-Liga» er ein song om ein treindianar, Kaw-Liga, som vart forelska i ei «indiansk kvinne i ein antikvitetsforhandlar» men fortel ho ikkje dette, som teksten seier:

Too stubborn to ever show a sign,
Because his heart was made of knotty pine.

Indianarkvinna ventar på eit teikn frå Kaw-Liga, men han anten nektar eller er for fysisk/kjenslemessig ustabil, som ein stoisk stereotypisk indianar.[2] Songen endar med at indianarkvinna vert kjøpt og ført bort frå antikvitetsforretninga og Kaw-Liga endar opp aleine,

As lonely as can be,
And wishes he was still an ol' pine tree.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sonen til Hank Williams, Hank Williams jr., spelte inn ein versjon som nådde 12. plassen på Billboard country singles-lista sommaren 1980.

«Kaw-Liga» er òg blitt spelt av andre artistar som Charley Pride, Roy Orbison, Marty Robbins, Loretta Lynn, Boxcar Willie, Johnny Cash, Don McLean, Big Sandy & His Fly-Rite Boys, New Riders of the Purple Sage og Jayke Orvis & the Broken Band.

Avantgarde-bandet The Residents spelte inn songen for albumet Stars & Hank Forever: The American Composers Series, og erstatta musikken med basslinja frå Michael Jackson sin «Billie Jean». Dette var truleg ein referanse til kona til Williams som heitte Billie Jean.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim Dawson, & Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Boston & London: Faber & Faber. s. 111–114. ISBN 978-0-571-12939-3. 
  2. Kaw-Liga, arkivert frå originalen 1. november 2006, henta 1. mars 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]